Intensivsjukepleiar/sjukepleiar

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 30. mai 2025

Kirurgisk klinikk/ Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi Nasjonalt brannskadesenter, Helse Bergen

Brannskadeavdelinga ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus, har ledig faste stillingar og vikariat i 1 år med mogleg forlenging. Turnus med arbeid pt. kvar 3. helg eller med 12,5t. vakter kvar 2, 3 eller kvar 4. helg. Stillingane er ledig frå snarast eller etter nærare avtale.

Avdelinga har ansvaret for den nasjonale behandlingstenesta for avansert brannskadebehandling og behandlar kvart år 150-200 pasientar frå heile landet med alvorlege brannskadar. Vi behandlar både barn og vaksne. Arbeidet er tverrfagleg og vi har eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper.

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).

Arbeidsoppgåver

  • Brannskadeavdelinga er ein spennande arbeidsplass med mange sjukepleiefaglege utfordringar
  • Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar
  • Arbeid knytt til intensivbehandling, sår og sårbehandling, ernæring, mobilisering og planlegging av rehabilitering etter brannskadar

Kvalifikasjonar

  • Intensivsjukepleiar må ha norsk autorisasjon og vidareutdanning innan intensivsjukepleie med erfaring annan kirurgi/spesialsjukepleie
  • Sjukepleiar må ha norsk autorisasjon og minimum 2 års erfaring frå kirurgisk avdeling
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker oss medarbeidarar som søker faglege utfordringar, og som likar å arbeide i team, også tverrfagleg team
  • Søkar må ha evne til å takle raske omstillingar, høgt arbeidstempo og vere løysingsorientert
  • Søkar må ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver og ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Søkar må ha evne til å jobbe sjølvstendig og bidra/fungere i krevjande situasjonar
  • Du må kunne trivast i eit aktivt og travelt miljø, vere positiv og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å opparbeide seg ein unik kompetanse då vi har nasjonal funksjon 
  • Spennande arbeidsstad
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg og godt arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Kurs for nye tilsette
  • Internasjonalt kurs i akutt brannskadebehandling
  • Ulempetillegg
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Liv Hege Furnes Hilt, Avdelingssjukepleiar, 55973560

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4913424703
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 31.05.2025