Hjerte post - Haugesund sjukehus
Medisinsk intermediær overvaking (MIO) ved Haugesund sjukehus har ei ledig 100 % fast stilling som intensivsjukepleiar.
MIO tar imot og behandlar akutt kritisk sjuke pasientar med samansette
og komplekse diagnosar innanfor det indremedisinske fagfeltet. Eininga behandlar pasientar som treng
kardiologisk eller medisinsk intermediær overvaking. Vi behandling
akutt/truande hjarteinfarkt, arytmiproblematikk, hjertesvikt og andre akutte
hjartesjukdommar. Vi behandlar òg pasientar med respirasjonsproblem som har behov
for NIV, ketoacidose, intoxer, actilyse mm.
Hos oss blir du ein del av eit aktivt og positivt arbeidsmiljø med dyktige og trivelege kollegaer. Vi legg stor vekt på høg fagleg kvalitet, teamarbeid og tett samarbeid med andre faggrupper.
Hos oss får du vere med og påverke turnusen din.
Vi tilbyr fleksibilitet i både lengda og tidspunkt for vaktene – og vi lyttar gjerne til dine ønskje. Vakthelg blir det kvar tredje helg, men elles har du stort rom for å få ein kvardag som passar deg. I tillegg har vi noko å gle oss til: Det blir bygd nye, moderne MIO-lokalar – klare til innflytting på nyåret 2027!
✨ Bli med på laget vårt – søk no!
Kva går jobben ut på?
- Mottak og sjukepleiarfagleg ansvar for akutt kritisk sjuke pasientar.
- Gi god omsorg for pasientar og pårørande.
- Setja i verk og vidareføra behandling i samarbeid med pasientansvarleg lege.
- Bruk av avansert medisinsk teknisk utstyr (MTU).
- Tett samarbeid med andre tverrfaglege yrkesgrupper.
- Rettleiing av kollegaer og studentar i vidareutdanning i intensivsjukepleie.
- Tolking av EKG/rytmar (scopsentral – overvaking).
- Vere med på å utvikla og forbetra avdelinga si arbeid innanfor ulike fokusområde.
- Inngå i tredelt turnus.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Vidareutdanning i intensivsjukepleie.
- Relevant sjukehuserfaring og erfaring.
- Kjennskap til medisinsk teknisk utstyr.
- Kjennskap til hjartepasientar og akutt kritisk sjuke.
- Fagleg engasjert og interessert.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande eller krevjande situasjonar
- eg god på å tilpassa og formidla kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa, og ønsker å vidareutvikla kompetansen din
Personleg eigenskapar blir vektlagt.
Kvifor skal du velje oss?
- Høgt fagleg nivå.
- Oppfølging og opplæring.
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
- Ein spennande, meiningsfull og utfordrande jobb.
- Fagleg utvikling gjennom fagdagar og simuleringstrening.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA).
Tiltredelse etter avtale.
Dersom ønske om førerett må dette oppførast i søknaden.
Kontaktinformasjon
Trude Fjeld, Funksjonsleder, 52732501, trude.fjeld@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgaten 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4961426882
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.07.2025