Intensiv Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Intensivseksjonen ved Ålesund sjukehus søkjer engasjerte intensivsjukepleiarar.
Vi har no ledig 2 vikariat, begge på 1 år. Oppstartsdato 01.09.2025.
Intensivseksjonen er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og omfattar Kirurgisk intensiv, Postoperativ seksjon og Medisinsk intensiv/hjarteovervaking. Som intensivsjukepleiar her, vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar og fleire. Vi set fag i fokus og god opplæring vert prioritert.
Vil du arbeide saman med oss i eit spanande fagfelt? Send oss ein søknad i dag!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til intensivpasientar, OVA og postoperative pasientar
- Det blir arbeidd for fleksibelt og nært samarbeid på tvers av faggruppene og einingane
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar er eit krav
- Vidareutdanning som spesialsjukepleiar i intensiv er ein fordel
- Sjukepleiar under vidareutdanning innan intensivsukepleie kan også søke og verte vurdert
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du må ha gode samarbeidsevner
- Du bør vere strukturert og ansvarsbevisst
- Du bør vere fleksibel
- Du må kunne trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du bør vere fagleg engasjert
- Du skal kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Kontaktinformasjon
Marit Vatsaas Vinje, Seksjonsleiar, +47 70 10 55 23, Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4995798794
Stillingsprosent: 100, 75%
Vikariat
Søknadsfrist: 31.08.2025