Inspektørstilling og lærarstilling på Lidar skule

Øystre Slidre kommune

Arbeidet i skulen er spennande og varierande. Øystre Slidre kommune erkjenner at ein i for stor grad kan bruke tid på enkeltsaker og andre oppgåver. Vi arbeider derfor med å endre tidsbruken meir over til fag og undervisning. Vi meiner det er viktig at lærarane i mest mogleg grad får undervise i faga dei har. For å lykkast er det viktig med god kollegastøtte, og at vi saman i alle ledd, frå administrasjonen i kommunen til kvar enkelt tilsett, legg til rette for gode arbeidskvardagar med elevane i sentrum. Vi har eit godt grunnlag å bygge på med gode, engasjerte tilsette. Synast du dette virkar spennande, håpar vi du vil søke jobb hjå oss. 

Lidar skule har ledig desse stillingane: 

  • 100% fast lærarstilling 
  • 100% fast stilling som inspektør, 50% av stillinga er undervisning.

Lidar barneskule har 98 elevar skuleåret 24/25. Det er 7 klasser i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring.
Vi organiserer oss i to team, 1.-4. trinn og 5.-7. trinn. Vi har to lærarar per trinn i basisfaga. Vi kan og friste med eit godt arbeidsmiljø, ein godt etablert delingskultur og eit kollegium som set elevane i sentrum.

Det kan også bli andre ledige stillingar på skulen. 
Vi ser fram til å høyre frå deg! 

 

Arbeidsoppgåver

Som inspektør vil du vere med i leiargruppa på skulen saman med rektor og teamleiarar. Oppgåvene til inspektør blir satt i dialog med rektor og etter innspel frå tillitsvald på skulen. Vi kan nemne oppgåver som kan vere aktuelle: vikarhandtering, ansvar for elevane sin utvikling i samsvar med Opplæringsloven §11-2 og 11.3, ansvar for å følgje opp og skrive vedtak for elevar med rett til særskilt språkopplæring i samsvar med Opplæringslova § 3-6 og 3-7., koordinator for ansvarsgrupper.

I lærarstilling:

  • Undervisning
  • Kontaktlærar
  • Inspeksjon
  • Kontakt med foreldre og andre instansar der det er behov
  • Vera med å skape aktivitet og tryggleik i skulemiljøet
  • Delta aktivt i utviklingsarbeidet i skulen

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter lærarar med trygg og god klasseleiing som legg til rette for fagleg fokus

  • Godkjent utdanning som lærar i grunnskulen, jmf. Forskrift til opplæringslova, §12-1 – §12-4
  • God kompetanse innan klasseleiing og relasjonar
  • Gode faglege og didaktiske ferdigheiter
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Lærarstudentar kan bli vurdert for tilsetting på vilkår om at utdanninga blir fullført

 

Personlege eigenskapar

For elevane på Lidar skule er det viktig at du:

  • er ein trygg klasseleiar 
  • er ein tydeleg vaksen som rettleiar elevane når dei treng det
  • kan bygge gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane
  • har gode samarbeidsevner, er fleksibel, robust og er ein god lagspelar
  • har fokus på fagleg og sosial læring og utvikling
  • ser verdien av og tek initiativ til å løyse oppgåver og utfordringar saman i team
  • har ynskje om å utvikle deg vidare som lærar saman med profesjonsfellesskapen

Vi tilbyr

Når du kjem til oss på Lidar skule, vil du møte vaksne som er opptekne av relasjonsskaping, fagleg utvikling og samarbeid. Tilsette ved skulen har gode verdiar for samhandling med elevar, foreldre og kolleger. På skulene hjå oss verdset vi høgt det å ha eit godt miljø. Respekt, samarbeid, lagspel og humor er viktige faktorar i kvardagen. Elevane våre er i læring til å bli best mogleg rusta til å møte samfunnet som vaksne personar. Ledelsen på vår skule er og oppteken av å vere ei støtte og tilstades for personalet sitt. Vi opplever at vi samarbeider godt med elevane våre og dei treng tydelege vaksne som kan rettleie dei når det trengs. Vi har gode skulebygg og uteområde/lokalområde som innbyr til uteskule og allsidig aktivitet.
Som nyutdanna får du både individuell rettleiing og grupperettleiing. 

Kontaktlærarane i Øystre Slidre får utvida tid til kontaktlæraroppgåver dersom du har fleire enn 15 elevar. Det blir fleire kontaktlærarar dersom trinnet har meir enn 20 elevar.
Vi oppfordrar og legg til rette for vidareutdanning.
Lærarar har telefongodtgjering og avtale om arbeidstøy.
Kommunen kan tilby gode forsikrings- og pensjonsordningar og flyttegodtgjering.

Som busett i Øystre Slidre kommune får du nedskriven studielån.

Kontaktinformasjon

Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, +47 99690813

Arbeidsstad

Bygdinvegen 3114
2950 Skammestein

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 4953999222
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted