Inspektør

  • Heltid
  • HYLKJE, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 26. april 2025

Bergen fengsel

Om stillinga

Vi søkjer etter ein person som evnar å inspirere dei tilsette og vidareutvikle eininga til ein nyskapande og engasjerande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø.

Som fengselsinspektør vil du vera ein del av linjeleiargruppa til fengselet, og me søkjer etter ein person som evnar å tenkja strategisk og langsiktig på eit overordna plan.

Me ønskjer ein inspektør som kan oppnå resultat gjennom å leia mellomleiarar. Søkjarar må derfor ha gode føresetnader for å motivera og utvikla aktive, reflekterte og sterke mellomleiarar, og dessutan vera med på å skapa gode og utviklande relasjonar i leiargruppa. Vidare vil det forventast at alle leiarane for eininga er med på å skapa entusiasme for måla og visjonane til fengselet.

Verdigrunnlaget til Bergen fengsel byggjer på at vi trur at alle domfelte kan endre si åtferd, og at endra måte å tenkje på gjer endring i åtferd. Vi er derfor oppteken av at vi som tilsette skal vere engasjerte i vårt arbeide, og at vi må vere i stadig utvikling for at vi til ei kvar tid skal kunne gjere ein best mogleg jobb for samfunnet og den innsette. Kunne du tenkja deg ei medverkande rolle i dette?

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for fagleg innhald og fagutvikling av eininga
  • Sjå til at arbeidet ved eininga følgjer kriminalomsorga sitt lovverk og reglar for sakshandsaming
  • Sakshandsaming og andre administrative oppgåver
  • Rapportering på måloppnåing til fengselsleiar
  • Rettleiing, utvikling og oppfølging av fagtilsette i turnus
  • Koordinering av det tverretatlege team ved eininga
  • Oppfølging av teammøter og tverrfaglege møter
  • Samhandling og ivaretaking av samarbeidspartnarar og eksterne aktørar
  • Personalansvar
  • HMS-ansvar
  • Representasjon for eininga utad må også påreknast.

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde. 

Utdanning og erfaring

Du må ha

  • bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS / eller relevant utdanning frå universitet eller høgskule på bachelornivå. 
  • kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy.
  • god kjennskap til kriminalomsorga sitt lovverk og reglar for sakshandsaming.
  • evne å jobbe målretta og systematisk med dei innsette i eit breitt og innoverande straffegjennomføringsperspektiv.
  • evne til å sjå moglegheiter for den enkelte innsette er naudsynt for å oppnå målsettinga til Bergen Fengsel.
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Det er ønskjeleg at du har

  • erfaring med virksomheitstyring.
  • kompetanse og/eller erfaring innen leiing, undervisning og/eller påverknadsarbeid.
  • fagleg forståing for kirminalomsorgens oppdrag og virkemidlar.
  • engelsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

  • sterke samarbeids- og leiareigenskapar
  • rolle – og systemforståing, og evne til å tenkje helheitleg
  • evne til å planleggje, avgjere og gjennomføre innanfor gjeldande rammer
  • evne til å motivere og formidle kunnskap 
  • kunne vere tydeleg og byggje tillit 
  • faglig oppdatert og strukturert 
  • stabil og høg arbeidskapasitet

Personlege eigenskaper og eignethet vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • meningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • stillinga lønnes i stillingskode 0266 Inspektør kr 651 000 -775 000 pr. år avhengig av kvalifikasjonar, det blir trukket 2 % innskudd til Statens pensjonskasse
  • gode pensjons, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • gratis parkering

Generell informasjon

Ansattes holdninger og verdier skal være i tråd med kriminalomsorgens verdisyn. Våre verdier er: Åpenhet, trygghet og nytenkning.

Det må ikke være noe å utsette på vandelen til den som ansettes. Dette må dokumenteres med en uttømmende politiattest forut for ansettelse.

Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkere kan bli offentliggjort selv om søker har bedt om å være unntatt søkerlisten. Søker vil i så fall bli varslet om dette og gitt anledning til å trekke søknaden.

Et godt arbeidsmiljø er preget av mangfold, og vi oppfordrer kvalifiserte kandidater med ulik, arbeids- og livserfaring til å søke jobb hos oss.

Kriminalomsorgen jobber for å realisere regjeringens inkluderingsdugnad om at 5 % av nyansettelser i staten skal være personer med nedsatt funksjonsevne eller hull i CV-en.

Vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det. Det gjøres oppmerksom på at dersom søkere tilkjennegir at de har nedsatt funksjonsevne eller «hull i CV», kan opplysningen brukes til registreringsformål.

Prøvetiden er 6 måneder.

Den som ansettes må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringer som blir bestemt om arbeidsområdet. Det pågår for tiden en omorganisering som kan medføre endring i stilling og arbeidsoppgaver.

Nærmere opplysninger om stillingen fås ved henvendelse til Harald Åsaune Harald.Asaune@kriminalomsorg.no / Ivar S. Jensen Ivar.S.Jensen@kriminalomsorg.no

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted