Ølen vgs, Rogaland fylkeskommune
Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har omlag 300 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me individuelt tilrettelagt opplæring i lita gruppe (arbeidstrening). Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel.
For meir info: www.olen.vgs.no
Tilbod om utdanning er ein viktig del av rehabiliteringsarbeidet i fengsla våre. I Sandeid fengsel er det 88 soningsplassar, og mange av dei innsette er tilknytt skulen. Opptak skjer fortløpande, og utdanningsløpa vert tilpassa den enkelte. Det krev fleksibilitet frå lærarane si side, ein må tilpasse opplæringa til dei elevane ein til ei kvar tid har, og ein må handtere raske endringar i elevmasse og oppgåver.
Frå 1. august har me ledig inntil 100% fast stilling som faglærar.
Arbeidsoppgåver
Inntil 100% faglærarstilling som til saman må dekke undervisning i praktisk del av helsefremmande arbeid i helse- og oppvekstklassar (kjøkken), Opplæring innan restaurant og matfag, samt andre fellesfag for elevar med individuell tilrettelegging (Arbeidstrening).
For person med undervisningskompetanse i matfaga vil det og vere aktuelt å kombinere med opplæring i Sandeid fengsel.
Kvalifikasjonar
Krav til stillinga:
- Relevant utdanning i aktuelle fag (td. mat og helse, mm.)
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Godkjend politiattest (ordinær- og utvida attest for undervisning i fengsel
Ynskja kvalifikasjonar:
- Undervisningserfaring
- Spesialpedagogisk utdanning
- Undervisningskompetanse i andre aktuelle fag
- Pedagogisk IKT
Om det ikkje melder seg søkjarar med både relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning kan andre søkjarar bli vurdert. Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing. Personar med undervisningserfaring vert føretrekte. Fleksibilitet og gode samarbeidsevner er naudsynt
Personlege eigenskapar
Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig.
Generelt ynskjer me medarbeidarar med undervisningskompetanse i fleire fag.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
- Det må sendast elektronisk søknad
Nærare opplysningar kan fåast ved å vende seg til avdelingsleiar Ingelin Håheim tlf. 976 53 501 , ev. pr. mail: ingelin.haheim@skole.rogfk.no
Kontaktinformasjon
Ingelin Håheim, Avdelingsleiar, 97653501 , ingelin.haheim@skole.rogfk.no
Arbeidssted
Litlehagen 2
5580 Ølen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommune
Referansenr.: 4951815602
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2025