Havahuset Bu- Og Servicesenter
Eining for Habilitering har ledig 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar/miljøterapeut i døgnturnus ( medlevar)
Eining for habilitering yt tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Me har hovudkontor i Havnahuset bu og servicesenter. Eininga yt omsorgsteneste i 4 bustadar og eit dagtilbod.
I eining for habilitering har eit nytt tiltak der me yt tenester til ein bebuar i form av døgn turnus og 2:1 bemanning. Me har no ledig ein 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar/miljøterapeut i dette tiltaket.
Arbeidsoppgåvene vert å følgje opp bebuaren i kvardagen med alle daglege gjeremål dette inneber. Ein arbeider i team på to og to. Naudsynt opplæring vil bli gitt
Tenesta vert gitt i Havnahuset bu og servicesenter. Havnahuset ligg fint ved sjøen, me har kanskje kommunen si beste tomt..? Med flott uteområde, og fine fellesareal som er knytt til leilegheitene.
Me treng deg som har interesse for å arbeide med menneske som har sammensatte hjelpebehov. Du har interesse for habilitering og miljøarbeid, har godt humør og evne til å motivera og engasjera. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Erfaring frå liknande arbeid er ynskjeleg.
Me treng deg som:
-
Er strukturert og pliktoppfyllande
-
Har evne til å jobbe i team og sjølvstendig
-
Er fagleg sterk, likar å ta ansvar
-
Erfaring og interesse for arbeid med mennesker meg utviklingshemming
-
Er stabil og påliteleg
-
Er kreativ og praktisk, likar å arbeide både ute og inne
-
God på å skape relasjonar, både med brukarar, pårørande og kollegaer
-
Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet
-
Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
-
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
-
Har gode samarbeidsevne
-
Har evne til å ta imot kollegaveiledning
Kvalifikasjonskrav:
-
Sjukepleiar, vernepleier/miljøterapeut
-
Førarkort klasse B, manuell gir
-
God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar
-
Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
-
Godt arbeidsmiljø
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon i KLP – Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktpersonar: Avdelingsleiar Yvonne Kongestøl 45633527