ID 2376 Vernepleiar/sjukepleiar – Eining for habilitering

  • Heltid
  • , NORGE
  • Publisert: 5 dager siden
  • 18. oktober 2025

Stord kommune

Kjøtteinsvegen og Saghaugen er to bufellesskap som ligg sentralt i Leirvik og er organisert under ein leiar. Bufellesskapa er ein del av Eining for habilitering og gir tenester til dei som bur i bustadane. Kjøtteinsvegen har 4 bustadar og Saghaugen har 6. Kjøtteinsvegen er ein del av Tunet burettslag og høyrer til STOBO, medan Saghaugen er eigd av Stord kommune og bebuarane leiger sine bustadar.

Me har ledig 100% fast stilling som vernepleiar i turnus med dag/kveld og langvakter frå 01.11.25.

Stillinga har arbeid kvar fjerde helg. Eining for habilitering nyttar årsturnus.

Vernepleiar (sjukepleiar) har:

  • Ansvar for at det blir gjennomført observasjon og kartlegging av funksjonsnivå og laga mål og tiltak etter desse

  • Ansvar for å evaluera mål og tiltak

  • Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring

  • Ansvar for opplæring og rettleiing i høve hovuddiagnosar og tilleggsdiagnosar, og tilretteleggja miljøarbeid utifrå desse

  • Rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål. Blant anna om tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, og Lov om pasient- og brukarrettigheter, kap. 4 A.

  • Førebygga og identifisera bruk av tvang og makt i miljøarbeidet

  • Ansvar for utforming og oppfølging av tvangsvedtak

  • Motivera og rettleia studentar, lærlingar og nye tilsette

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert vernepleiar.

  • Autorisert sjukepleiar med relevant erfaring kan bli vurdert

  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

  • Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

    Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Me kan tilby:

  • Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver

  • Engasjerte kollega med ulik erfaring og kompetanse

  • God opplæring og oppfølging

  • Inkluderande arbeidsmiljø – IA bedrift

  • Bedriftshelseteneste

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av diverse utstyr

  • Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

  • Offentlig tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Assisterande avdelingsleiar Siv Hilde Solsvik, tlf 952 83 667 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted