ID 2375 Helsefagarbeidar natt Kjøtteinsvegen – Eining for habilitering

  • Deltid
  • , NORGE
  • Publisert: 5 dager siden
  • 18. oktober 2025

Stord kommune

Kjøtteinsvegen er eit bufellesskap med 4 bustadar og er ein del av Tunet buretteslag som høyrer til STOBO. Kjøtteinsvegen er organisert saman med Saghaugen bufellesskap og har felles leiar.

Det er personalbase knytt til bustadane, og avdelinga gir heildøgns omsorg til bebuarar som har behov for det. Bebuarane har individuelle vedtak om helsehjelp.

Kjøtteinsvegen har ledig fast 55% stilling for helsefagarbeidar på natt, frå snarast. Stillinga har arbeid i snitt kvar fjerde helg.

Det er mogleg å få høgare stilling gjennom å kombinera med kveldsvakter og/eller nattevakter i Eining for habilitering sin ressursstab.

Mål for avdelinga er å skapa ein trygg og omsorgsfull heim, gje god dagleg omsorg og sosial støtte, leggje til rette miljøet for eigenmestring og bidra til godt samarbeid med pårørande.

Som nattevakt har du ansvar for å følgje opp bebuarane gjennom natta, både pleie og omsorg og medisinsk oppfølging

Kvalifikasjonskrav:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.

  • Søkjarar med anna helsefagleg utdanning vil bli vurdert

  • Barne- og ungdomsarbeidar eller assistentar med god relevant erfaring kan vurderast til stillinga.

  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

  • Du må legge fram godkjent politiattest av nyare dato

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Assisterande avdelingsleiar Siv Hilde Solsvik, tlf 952 83 667 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted