Stord kommune
Me søkjer deg som brenn for eldreomsorg og ynskjer å jobbe i institusjon. Du må vera over 18 år, pliktoppfyllande og ha interesser for helse- og omsorgstenester. Du må vera engasjert og kunnskapsøkjande. Me kan tilby jobb i eit godt fag- og arbeidmiljø og fagleg utvikling .
Det er og rom for å legge opp til varierte oppgåver gjennom å få rotasjon på våre ulike avdelingar. Alle avdelingar har moglegheit for både dag/kveld kvar 3. helg eller langvakter kvar 4. helg.
Presentasjon av arbeidsgjevar og arbeidsplass:
Stord sjukeheim har 6 avdelingar pluss eit dagtilbod for personar med demens:
Avdeling Gullberg: somatisk avdeling og korttid.
Avdeling Gullskar: Avdeling for personar med demenssjukdom
Avdeling Backertunet: Avdeling for personar med demenssjukdom. Denne avdelinga har og ein skjerma enhet
Avdeling Vikjo: Avdeling for somatikk, psykisk helse og rus.
Avdeling Knausen/Kringsjå: Avdeling for somatikk
Avdeling Bergtun: Bufelleskap
Knutsaåsen omsorgssenter:
Avdeling 1: Somatisk avdeling
Avdeling 2: Demens avdeling
Alle avdelingane våre har høg fagleg kompetanse og du vil ta del i dette og få god innføring i oppgåvene dine. Stord kommune har siste åra jobba aktivt med TØRN der rett bruk av kompetanse og oppgåvedeling er ein viktig del av dette.
Arbeids- og ansvarsområde:
-
Pleie og omsorgsoppgåver
-
Miljøarbeid og aktivitet
-
Ivareta den enkelte pasient sin verdighet og autonomi
-
Følge planar og aktivitetar i avdelingane
Kvalifikasjonskrav:
-
Over 18 år
-
Kunnskap om eldreomsorg
-
Kunne utføre grunnleggjande pleie og omsorgsoppgåver etter hygieniske prinsipp og av god kvalitet.
Personlege eigenskapar vert ei viktig vurdering i stillinga.
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane 53454510 / 92486358