Stord kommune
Ynskjer du ein variert og spennande jobb med ungdom, der du kan nytta eigne livserfaringar til å hjelpe ungdom?
FACT Ung Sunnhordland søker deg som kan og ynskjer å bruke di eiga erfaringskompetanse og fungere som ein brubyggar mellom den unge og hjelpeapparatet.
FACT Ung Sunnhordland (Flexible Assertive Community Treatment) er eit behandlingstilbod som tilbyr fleksibel, heilskapleg og ambulant oppfølging av barn og unge mellom 12-25 år med behov for langvarig og samansett innsats frå fleire tenester og nivå. Ungdommane kan ha det vanskeleg i samband med til dømes: Psykisk helse, skule, nettverk, arbeid, familie, rus, kriminalitet, seksualitet, avhengigheit m.m.
FACT Ung Sunnhordland er eit 4-årig samarbeidsprosjekt mellom Helse Fonna v/BUP Stord og kommunane Stord, Fitjar og Bømlo. Tiltaket er organisatorisk plassert i førebyggande tenester i Stord kommune. Teamet består i dag av psykiater, psykologar, familierettleiar, russpesialist, vernepleier, arbeid og utdanningsspesialist, barnevernfagleg og IPS.
FACT ung skal gi behandling og nødvendig oppfølging i tett samarbeid med ungdommen, familien og andre viktige personar i nettverket.
For å få til dette trenger me ein ny fleksibel, løysingsorientert og trygg erfaringskonsulent/brukarspesialist i 50% stilling. Det er mogleik for auka stilling på sikt.
Arbeidsoppgåver
-
Individuell oppfølging av barn/ungdom
-
Sikre brukarmedverknad i tenesteutviklinga og drifta til FACT Ung på individ og systemnivå
-
Bruke eigne erfaringar til å skape motivasjon for sårbare barn og ungdom
-
Vera ein brubyggar mellom barn/ungdom og tenesteapparat
-
Tverrfagleg samarbeid med instansar i ulike sektorar og på ulike nivå.
-
Samarbeid med og involvering av ungdom, familie og nettverk i oppfølginga. Sikra dei unge sin medverknad i eigen utvikling og behandling.
-
Bidra med din erfaringskunnskap i tenesteutviklinga og drifta til FACT Ung
-
Gi opplæring og rettleiing om erfaringskompetanse for ungdom og kollegaer i ulike samanhengar
-
Dokumentasjon av arbeidet som vert gjort
Personlege eigenskapar
-
Du har vært gjennom utfordringar som har gitt deg erfaringar som andre kan ha nytte av
-
Du er ein god rollemodell for ungdom og er god på relasjonsbygging
-
Du har eit reflektert forhold til eigne erfaringar
-
Du tåler motstand og avvising
-
Du har gode samarbeidsevner og kan bruka andre som ressurs i ditt arbeid
-
Du er påliteleg, fleksibel, initiativrik, meistrer høgt tempo og tåler å stå i krevjande situasjonar
-
Du arbeider målretta og strukturert både sjølvstendig og i team
-
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
-
Menn vert oppfordra til å søka på stillinga.
Kvalifikasjonar
-
Det er eit krav om relevant eigenerfaring med eksempelvis psykiske lidingar, rusproblematikk, vanskeleg omsorgssituasjon i oppvekst, omfattande skulefråvær, sosial isolasjon og/eller utanforskap.
-
Det er krav om relevant eigenerfaring frå kontakt med barnevernet, psykisk helsevern, rusbehandling eller liknande hjelpetenester for barn og ungdom
-
Arbeidserfaring som erfaringskonsulent, oppsøkjande arbeid er ei føremon
-
Erfaring frå arbeid med FACT Ung si målgruppe er ynskjeleg
-
Kompetanse relatert til fysiske og kreative fritidsaktivitetar er ynskjeleg.
-
God munnleg og skriftleg formidlingsevne
-
Det er ynskjeleg med alder innan 18 og 35 år då ung-til-ung metodikk vert vektlagt
-
Ein må ha førarkort klasse B
-
Politiattest av ny dato må leggast fram
Me tilbyr
-
Høgt fagleg nivå og varierte, interessante og krevjande utfordringar i eit fagfelt i utvikling
-
Relevant kompetanseheving
-
Individuell rettleiing
-
Nasjonal opplæring i arbeid etter FACT-ung sin modell
-
Fagleg støtte frå nasjonale kompetansemiljø
-
Snarleg oppstart i stillinga. Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenstepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson Teamleiar FACT-ung Kristine Sætrevik: kristine.saetrevik@stord.kommune.no tlf 95 92 58 98