Stord kommune
Stord brann og redning sin brannstasjon på Leirvik har i dag 34 heil- og deltidstilsette. Utover dagkasernert beredskap, vil utrykkingsleiar gå i ein firedelt rotasjon med heimevakt kvar fjerde veke. Ettermiddag/kveld/natt- og helgeberedskap er organisert med fire (4) vaktlag á seks (6) personar, som har heimevakt kvar 4. veke.
Stord brann og redning har ledig stilling i 100% stilling som brannkonstabel (utrykkingsleiar på sikt) ved dagkasernert beredskapsavdeling på Leirvik stasjon.
Arbeidsoppgåver
-
Brannkonstabel i eit vaktlag i ein firedelt rotasjon med heimevakt kvar fjerde veke – ettermiddag, kveld, natt og helg
-
gjennomføre systematisk øving og trening for å oppretthalde og vidareutvikle naudsynt kompetanse i den dagkasernerte beredskapen, og for deltidsmannskap (4 vaktlag)
-
bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
-
bidra til at Stord brann og redning er synleg og til stades for innbyggjarane i kommunen på ein god måte
-
ha eit utvida ansvar for HMT arbeid, beredskapsutstyr, bygg og øvingsfelt.
-
andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
-
i tillegg øver vaktlaga omlag 40 timar i året.
Kvalifikasjonar
-
gjennomført yrkesutdanning for utrykkingsleiar i samsvar med gjeldande reglar, eller vere villig til å gjennomføre utdanning etter tilsetjing
-
relevant fagbrev innan tekniske fag eller anna relevant arbeidserfaring
-
bustad i nærleiken av Leirvik brannstasjon, maksimalt 5 min køyretid frå stasjonen
-
politi- og helseattest
-
god fysisk helse og bestått lovpålagt fysisk test for innsatspersonell
-
god psykisk helse
-
førarkort minimum klasse C, eller vere villig til å ta sertifikat etter tilsetjing
-
god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
-
normalt gode IKT-kunnskapar og god praktisk innsikt
-
kode 160, eller vere villig til å gjennomføre kurs etter tilsetjing
-
leiarerfaring gjerne frå brannvesen eller andre operative etatar
-
erfaring som brannkonstabel ved eitt brannvesen/annan relevant operativ erfaring
-
interesse/fagkompetanse for fagområde bilhald/administrasjon av bilpark
Det vil bli lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar, og din evne til å arbeide samt fungere i team.
Særskilte krav
Politiattest må visast fram ved tilbod om stilling. Me ber om at referansar vert oppgjevne i søknaden. Kopi av vitnemål og attestar må takast med til eit eventuelt intervju.
Me tilbyr
-
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson:
Avd.leiar beredskap Frode Lillerud, mobil: 97552052, frode.lillerud@stord.kommune.no eller Brannsjef Jan Ove Anthun, mobil: 97552053, jan.ove.anthun@stord.kommune.no.