Lærdal kommune Helsesenter
100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel)
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Me søkjer deg med sjukepleiarutdanning til ein spannande arbeidskvardag, der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus! Stillinga er kombinert mellom KAD/ sjukeheim og helsesenteret. Stillinga er dagtid, med foredling 30% Helsesenteret, 70% KAD/sjukeheim.
Lærdal kommune har etablert kommunale akutte døgnplassar, KAD seng ved Lærdal bu- og omsorgsheim. Stillinga vil også ha ansvarsvakter knytt til denne posten.
Dine oppgåver ved Lærdal bu- og omsorgsheim vil vera å gje hjelp og systematisk kartlegging av pasienten og oppfølging for å avdekkja forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksette rett tiltak. Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, tilsynslege ved KAD, legevaktslege og spesialisthelsetenesta kring: medisinsk oppfølging, observasjon, kartlegging (NEWS2- score) behandlingsavklaring.
Ved Lærdal bu og omsorgsheim er det 23 plassar; 1 KAD, 4 korttid og 18 langtids plassar. I tillegg har vi eige kjøkken, fysio/ ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og aktivitetstove med mykje liv og røre!
Ved Helsesenteret vil dine oppgåver vera:
- Skifteromsarbeid som sårstell, EKG og 24 timers blodtrykk, suturfjerning, øyreskylling og liknande.
- Laboratoriearbeid: prøvetaking, analysering av prøvar, injeksjonar
- Ekspedere telefon og pasientluke
- Anna helseretta og administrativt arbeid som ligg til legekontoret t.d. journalføring, oppgjer, rekvirering av transport, legge inn reseptar m.m
Er dette deg?
- Ansvarsfull, sjølvstendig og god til å samarbeida med andre
- Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert
- Fagleg oppdatert og ynskje om å utvikla deg vidare
Hjå oss får du:
- Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Moglegheit for fagleg og personelg utvikling
- Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
- Støttande leiing
- Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd
Kva kvalifikasjonar krev me?
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førerkort klasse B – godkjent i Norge
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkjarar utanfor Skandinavia.
- relevant erfaring vert vektlagd
Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du:
- Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning
- Rekrutteringstilskot 60 000,- med 2 års bindingstid
- Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her