Hotellmedarbeidar på Stad Hotell

Stad Hotell As

Vi gjer oss klar for ny sesong og aukar difor staben.
Vi treng fleire tilsette i resepsjon, i restaurant og i bar.

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som er positiv, utadvent, jobbar godt både sjølvstendig og i eit team. Du må vere over 20 år.

Fokus på god kundeservice og kvalitet er viktig for oss.

Kunne du tenke deg å bli ein del av teamet vårt på Stad Hotell:

Send ein søknad til post@stadhotell.no innan 18.03.2025

Arbeidsoppgaver

Resepsjon: Ivareta gjestar, telefon og e-post, innsjekk, utsjekk

Restaurant: Servering i restaurant, bankettsal ved arrangement og betjene bar

Ellers: Hjelpe til ved varelevering, servering, reinhald og oppvask.

Vi er eitt team, og bidrar alle der det trengst

Vi tilbyr

På Stad Hotell har vi eit godt arbeidsmiljø, vi har løn etter tariff og jobbar etter oppsett skiftplan.

Som tilsett har du fri tilgang til vårt eige treningssenter Blackrock Gym.

Omringa av storslått natur kan du både gå på fjellet, surfe, spele tennis, fotball og ellers utforske alt Stadlandet har å by på.

Treng du ein stad å bu, så bistår vi deg gjerne med å ordne dette.