Hornindal Omsorgssenter, har ledig 100 % fast st for sjukepleiar. 

Volda kommune, Institusjonsteneste

Vi treng fleire sjukepleiarar med  på laget vårt ! Autorisert vernepleiar kan og søkje. 

Arbeidsstaden er Hornindal Omsorgsenter, ein kjekk arbeidsplass, her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar saman med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Arbeidsdagane er varierte, og vi har ein arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø.

Vi har ledig ei 100 % fast stilling, med ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.

Frå mai 25, går vi over til turnus med langvakter både på helg og nokre vekedagar. Det er 3 delt turnus . Vi har etablert team "sjukepleiar på topp" i tett samarbeid med heimebaserte tenester gruppe 3. 

Hornindal omsorgssenter har 16 bebuerar fordelt på to grupper. Det er eit tett og godt samarbeid mellom desse to gruppene. Det er og eit tett samarbeid med heimebaserte tenester. 

Arbeidsoppgåver

Faglig ansvarlig  – Delta i heilhetlig pleie og oppfølging av bebuarane

Det inneber mellom anna kompleks palliativ pleie, oppfølging av bebuerar i alle aldersgrupper, oppfølging av multisjuke bebuarar. Gjere grundige observasjonar og god dokumentasjon. Vere med å kartlegge, utarbeide og evaluere tiltaksplanar i tett samarbeid med tilsynslege, palliativt team og andre aktuelle faggrupper. Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar. Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø. Bidra til å kvalitetssikre tenestene.

Omsorgsenteret samarbeider tett med  heimebaserte tenester gruppe 3 .

Sjukepleiar med ansvarsvakt i  kan måtte bidra med sjukepleiaroppgåver ute i heimebaserte tenester ved behov.

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar .
Oppgi HPR -nr i søknaden
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg( Norsktest nivå B2)
Det skal fremeggjast politiattest før oppstart i stillinga
Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA.
Ønskeleg med kjennskap til journalsystemet Gerica

Søkjar må ha førerkort kl B 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein sjukepleiar/vernepleiar som er effektive og løysingsorienterte har godt humør og gode kommunikasjonsevner.

Den rette kandidaten må vere engasjert, trivst med å jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder.

Andre kriterier:
* Fungerer godt i teamarbeid og har evne til å delegere arbeidsoppgåver
* Må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg og kvardagsmeistring
* Er ansvarsbevisst og løysingsfokusert, fleksibel og liker utfordringar. 

Vi tilbyr

Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag!
Tverrfagleg lagarbeid: vi har hukommelsesteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator og spesialisert korttidsavdeling.
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
Tilgang til e-læringkurs frå NHI
Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (KLP)
Rekrutteringstillegg for tilsette med lengre reiseveg enn 2 mil: kr. 40.000 pr år.

Kontaktinformasjon

Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar institusjonstjenester , 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Liv Langeland Muldsvor, Seksjonsleiar Hornindal Omsorgssenter, 90768467, liv.langeland.muldsvor@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Urdene 9
6763 Hornindal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4965376259
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted