Statens helsetilsyn
Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetanseoppbygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga.
Helsetilsynet står overfor mange og spennande utviklingsoppgåver, og assisterande direktør vil få ei sentral rolle i utvikling og drift av framtidas tilsyn. Assisterande direktør er direktørens stedfortredar, og er del av vår leiargruppe.
Vi søker ein trygg, tillitsvekkande og klok leiar med interesse for, og evne til, å utvikle organisasjonen og medarbeidarane. Det stilles krav til solid leiarerfaring og erfaring med endringsprosessar. Det er krav om sikkerheitsklarering på nivå hemmeleg.
Leiarar i staten skal saman med medarbeidarane levere gode resultat til beste for fellesskapet i tråd med politiske prioriteringar og grunnleggande samfunnsmessige verdiar.
Arbeidsoppgåver
- leie, planlegge og organisere arbeidet i Helsetilsynet, saman med direktør
- ha ei sentral rolle i utviklinga av tilsynet
- strategisk og operasjonell leiing
- representere Helsetilsynet eksternt og internt
- fungerande direktør i direktøren sitt fråvær
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar:
- høgare utdanning på mastergradsnivå eller tilsvarande, gjerne innan eit av våre fagområde (barnevern, sosial eller helse)
- relevant og tung leiarerfaring, fortrinnsvis frå ein etat innan våre fagområde eller frå ein statsforvaltar
- dokumentert erfaring frå endringsprosessar
- særs god kjennskap til statleg forvalting og til minst eit av våre tilsynsområde
Ønskte kvalifikasjonar:
- arbeidserfaring frå ein statsforvaltar eller frå anna statleg forvaltingsorgan
- erfaring frå tilsyn
- erfaring frå forskning eller kunnskapsformidling
- politisk erfaring
Den som blir tilsett må kunne bli sikkerheitsklarert på nivå hemmeleg.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg med gode samarbeidsevne, med ei løysingsorientert haldning og med meget god evne til å bygge relasjonar.
Du må:
- vere resultat- og utviklingsorientert
- ha gode kommunikasjonsevne, munnleg og skriftleg
- ha gode leiareigenskapar og ha evne til å utvekle og gjennomføre strategiar
- vere tillitsfull og til å lite på
Vi legg stor vekt på at du har god rolleforståing, og at du er personleg eigna.
Vi tilbyr:
Stillinga blir lønna etter avtale. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Vi er om lag 130 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Medarbeidarar som har eigna oppgåver kan få høve til å arbeide heimanfrå inntil 2 dager per veke.
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.
Kontaktinformasjon
Bettina Bækkevold, 900 93 591, bettina.baekkevold@cruit.no
Arbeidssted
Møllergata 24
0179 OSLO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Statens helsetilsyn
Referansenr.: 4936312440
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 03.08.2025