Gol kommune Helseavdelinga
Er du ein engasjert og fagleg sterk helsesjukepleiar som ønskjer å bidra til vidare utvikling og høg kvalitet i tenestene våre? Då er det nettopp deg vi ser etter!
Gol helsestasjon har ledig eit 100 % vikariat som helsesjukepleiar i perioden frå 1. september 2025 og eitt år framover.
Ved helsestasjonen jobbar det helsesjukepleiarar, jordmødre og ei merkantil medarbeidar. Helsestasjonen er organisert under Helseavdelinga i Gol kommune, og omfattar tenester innan helsestasjon for barn, skulehelsetenesta og oppfølging i svangerskap.
Arbeidsoppgåver
Som helsesjukepleiar vil du ha ansvar for:
- Oppfølging av barn 0–6 år og deira foreldre i tråd med gjeldande program og nasjonale retningslinjer
- Vaksinasjon etter det norske barnevaksinasjonsprogrammet
- Systematisk foreldrerettleiing
- Koordinering og støtte til barn og familiar med samansette utfordringar
- Tverrfagleg samarbeid og utvikling av tenesta
- Tilbod om helsetenester til flyktningar
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent helsesjukepleiar, eller under utdanning til helsesjukepleiar. Utdanning som sjukepleiar kan også vurderast
- Førarkort klasse B
Vi ynskjer at du:
- Har vidareutdanning innan arbeid med barn og familiar (ønskjeleg)
- Er sertifisert i foreldreveiledningsprogram som COS-P, Marte Meo eller ICDP (ønskjeleg)
- Er engasjert og har eit brennande hjarte for førebyggjande arbeid
- Arbeider sjølvstendig og strukturert
- Har gode samarbeidsevner og kommuniserer tydeleg og varmt
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med moglegheit til å påverke og utvikle tenesta
- Deltaking i faglege forum
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og trivelege kollegaer
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Løn og tilsetjing i samsvar med gjeldande avtaleverk (arbeidsmiljølova, KS Hovudavtale og Hovudtariffavtale)
- Vikariatet har høve til forlenging og kan bli fast på sikt
Praktisk informasjon
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
- Vitnemål og attestar legg du ved søknaden
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar – vi gler oss til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her