Helsesekretær – Tysnes legekontor

  • Heltid
  • UGGDAL, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 23. august 2025

Er du ein engasjert helsesekretær på jakt etter nye utfordringar?

Tysnes legekontor er eit kommunalt legekontor som spelar ei sentral rolle i helsetenesta i Tysnes kommune.
Kontoret tilbyr eit breitt spekter av helsetenester innan allmennmedisin og legevakt – og har funksjonar som kommuneoverlege, fastlegar, kontorpersonale og legevaktsteneste samla under eitt tak. Me har òg eit godt utstyrt laboratorium. 
Legekontoret er organisert under einingsleiar med ansvar for fire legar og to kontormedarbeidarar med helsefagleg bakgrunn. 

To av våre dyktige medarbeidarar skal gå av med pensjon. For å erstatte éin av desse, søkjer me no etter ein helsesekretær til ei fast 100 % stilling. Me ser etter deg som er engasjert i faget og ønskjer å bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der kvalitet og samarbeid står i fokus.

Me ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp ved innsending av søknaden.

Kva går stillinga ut på

Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar mellom anna:

  • Ekspedisjonsarbeid: svare på telefon, prioritere henvendingar ut i frå medisinsk behov og hastegrad, pasientrettleiing, administrere timebestillingar og journalføring
  • Administrative oppgåver knytt til drift og pasientlogistikk
  • Bidra til god arbeidsflyt og støttefunksjonar for legar og kollegaer
  • Oppgåver knytt til skadestove, inkludert assistanse ved undersøkingar og mindre inngrep
  • Utføring av EKG, spirometri og blodtrykksmålingar
  • Laboratoriearbeid, inkludert prøvetaking og enkel analyse

Kvalifikasjonskrav 

Me ser etter deg som har: 

  • Autorisasjon som helsesekretær
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Gode IKT -kunnskapar

Erfaring frå legekontor, særleg innan ekspedisjonsarbeid og pasientkontakt, tel positivt.

Dersom du får tilbod om stillinga og takkar ja, er det krav om å leggje fram politiattest i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4, samt eigenerklæring for tuberkulose og MRSA.

Kva me ser etter hos deg

  • Du har gode samarbeidsevner som fremjar trivsel og arbeidsglede
  • Du er opptatt av fagleg kvalitet og bidreg til kontinuerleg forbetring
  • Du er initiativrik og kan jobbe sjølvstendig
  • Du trivst med høgt arbeidstempo og har stor arbeidskapasitet
  • Du er serviceinnstilt, fleksibel og ansvarsbevisst
  • Du er trygg i rolla di og møter pasientar med varme og profesjonalitet

Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt. 

Kvifor skal du jobba hos oss?

Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode helsetenester til innbyggjarane våre? Då trur me du vil trivast hos oss!

Hos oss vil du få varierte og faglege utfordringar i eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø. Du vil få høve til å utvikla kompetansen din, med god opplæring og fokus på fagleg kvalitet. Arbeidskvardagen er både hektisk, lærerik og meiningsfull – og du blir ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg engasjement.

Tilsetjing hos oss gir medlemskap i KLP – Kommunal Landspensjonskasse, noko som betyr ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, i tillegg til høve til å søkja bustadlån med gunstige vilkår.

Løn vert gitt i samsvar med gjeldande hovudtariffavtale.

Synest du dette verkar som ei spanande stilling, eller er det noko du lurar på etter å ha lese utlysinga? Då er du velkomen til å ta kontakt med oss!

Mangfaldserklæring

Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted