Helsesekretær med blikk for detaljar? Sjå hit!

Patologi, Haugesund sjukehus

Vi har ledig ei spannende stilling som helsesekretær ved Laboratorie for patologi i avdeling for laboratoriemedisin.

Her vil du få høve til å jobbe i eit moderne laboratorie-miljø med utsikt over Smedasundet og det opne havet mot vest, frå lokala våre i den nye sørvestblokka. På avdelinga vår har vi teke i bruk ny, avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar, og vi er stadig under utvikling.

No leitar vi etter ein engasjert helseskretær til ei fast heiltidsstilling. Dette er ei dagstilling og arbeidsdagen vil vere variert. Du får høve til å lære om ulike delar av laboratoriet gjennom grundig opplæring. Du blir ein del av eit motivert og dyktig team med tett samarbeid med helsesekretærer, bioingeniører og patologer. 

Oppstartsdato etter avtale. Velkomen til å søkje hos oss. 

Kva går jobben ut på?

  • Betjene ekspedisjon, telefonhenvendelser, post- og prøveforsendelse
  • Prøvemottak og registrering av pasientprøver
  • Arkivering av pasient- og prøvedata
  • Assistere patologen i makroskopi arbeid med vevs- og operasjons-preparater
  • Andre kontor- og laboratorieoppgåver, samt betjene og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr
  • Utføre arbeid etter gjeldande prosedyrer og retningslinjer, og halde seg oppdatert på endringar . 

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert helsesekretær
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter i norsk, muntlig og skriftlig
  • Grunnleggande IKT-kompetanse.
  • Kunnskap og erfaring i bruk av digitale løysningar i spesialisthelsetenesta er ein stor fordel
  • Erfaring innen laboratorie verksemda er ønskeleg, men ikkje eit krav.
  • Efaring innen patologi er ønskeleg, men ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagd

Kva ser vi etter hos deg?

  • Du er ein motivert og dyktig medarbeidar med stor arbeidskapasitet
  • Punkteleg og påliteleg
  • Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert 
  • God til å sjå kva som må gjerast, tilbyr og mottek hjelp
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø og har gode samarbeidsevner
  • Tåler å stå i krevjande situasjoner og meistrar høgt arbeidstempo

Kvifor skal du velje oss?

  • Ein spennande, variert og utfordrande jobb
  • Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling
  • Du blir ein del av eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i heilt nytt laboratorium

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Håvard Valvatne, Funksjonsleiar

Arbeidsstad

Karmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4983152849
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted