Kommunal legeteneste, Volda kommune, Helse og omsorg
Volda kommune søkjer etter autorisert helsesekretær i 100% vikariat frå 24.11.25 til 12.09.26. Andre med relevant helsefagleg utdanning kan også søke. Stillinga er plassert i tenesteområdet helse og omsorg, med seksjonsleiar for legesenteret i Volda som næraste leiar. Arbeidsstaden er ved Volda legeteneste, avd. Hornindal.
Vi søkjer etter deg som er arbeidsvilleg, strukturert, sjølvstendig og kan handtere ein hektisk kvardag med varierte oppgåver. Som helsesekretær hos oss blir du ein viktig del av primærhelsetenesta til lokalbefolkninga i Hornindal.
Legekontoret i Hornindal er i hovudsak fastlegesenter (fire legar og to hjelpepersonell) og daglegevakt, men er samlokalisert i helsehuset med helsestasjon, tannlege, frisklivskoordinator, fysioterapeut og kiropraktor. Som hjelpepersonell er ein tilsett i kommunen, og jobbar på dagtid.
Arbeidsoppgåver
-Pasientekspedisjon og pasientadministrasjon
-Sentralbordfunksjon
-Laboratoriearbeid
-Skiftestovearbeid
-Anna forefallande arbeid
-Bidra med å bygge og vedlikehalde eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
-Autorisert helsesekretær / andre med relevant helsefagleg utdanning kan også bli vurdert.
-Erfaring frå legekontor vil bli vektlagt.
-Personlege eigenskapar – empatisk, tolmodig og med positiv innstilling, som trivst med personleg kontakt og kan bygge tillit blant pasientar.
-Sterke munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
-Gode IT-kunnskapar og evne til å lære nye fagsystem.
-Det er ønskeleg med akuttmedisinkurs, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
Som helsesekretær bør du like å møte nye mennesker. Du må vere flink til å kommunisere både skriftleg og munnleg, kunne arbeide sjølvstendig, ha serviceinnstilling og samarbeidsevner. Du må også vere nøyaktig og kunne takle eit høgt arbeidstempo og uforutsette hendingar.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
-Godt arbeidsmiljø
-God internopplæring i arbeidsoppgåvene
-Lønn etter utdanning og kvalifikasjonar
-God pensjonsordning
-Variert og innhaldsrik arbeidskvardag
Kontaktinformasjon
Sølvi Hovdenakk, Seksjonsleiar Volda legesenter, 41560248, solvi.hovdenakk@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Grøddesvegen 8
6763 Hornindal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5022690126
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 23.10.2025