Kviteseid Kommune Heimebaserte Tenester
LEDIG STILLING
Er du ein nattevandrar med varme hender, kaldt hovud og godt grep om rattet? Då er det kanskje nettopp deg vi ser etter!
Ved Eining for omsorg og meistring – heimetenestene har vi ledig ei
fast 60,8 % nattstilling som helsefagarbeidar frå 01.09.2025 ,
med arbeid kvar 3. helg og turnus etter 35,5 t/v.
Kva du faktisk skal gjere:
-
Yte helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med lovverk og kvalitetskrav
-
Vere med på fagutvikling, både i praksis og gjennom simulering
-
Rettleie og støtte lærlingar, studentar, brukarar og pårørande
-
Samarbeide tverrfagleg for best mogleg tenestetilbod
Fagutvikling hjå oss:
-
Vi har eige samarbeid med Simulering Vest Telemarkog brukar simuleringar aktivt i fagleg oppdatering
-
Du får tilgang til eige øvingsrom og deltek i praktisk trening gjennom året
-
Vi tilbyrinternundervisning og refleksjonar – fordi kvalitet kjem av kontinuerleg læring
-
Hos oss står fagleg styrke og kollegastøtte hand i hand
Vi ser for oss at du:
-
Har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
-
Brenn for faget og ynskjer utvikling
-
Er trygg på IKT og dokumentasjon
-
Meistrar norsk godt både munnleg og skriftleg
-
Har førarkort klasse B – og køyrer trygt gjennom både regn, snø og mørke
Og kanskje aller viktigast:
-
Du trivst med å jobbe på natt, og har godt humør sjølv i dei stille timane
-
Du er fleksibel og løysingsorientert
-
Du har god dømmekraft og likar å jobbe sjølvstendig
-
Du held deg fagleg oppdatert – og veit at det ikkje er flaut å spørje
-
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Hos oss får du ein arbeidskvardag med variasjon, fagleg utvikling og rom for medverknad.
Du blir ein del av eit stabilt og triveleg team som står saman – både i ruskevêr og på vaktrom.
Søk då vel – vi har plass i bilen, i turnusen og på øvingsrommet!
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Spørsmål kan rettast til
· Einingsleiar Monica Halvorsen tlf. 90 92 03 15 (veke 28)
· Fagsjukepleiar Ann Marie Lund tlf. 40 90 02 72 (veke 29-31)