Helsefagarbeidarar i heimetenesta

  • Heltid
  • VOLDA, NORGE
  • Publisert: 4 timer siden
  • 29. juni 2025

Volda kommune, Heimeteneste

 

Ambulerande heimeteneste har i frå dags dato ledig fleire stillingar for autorisert helsefagarbeidar:

100 % fast stilling i Volda sentrum
72 % fast stilling på Folkestadtun

Begge stillingane er knytt til turnusarbeid

Arbeidsoppgåver

Ambulerande heimetenester yter tenester til heimebuande. I denne tenesta får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spennande utfordringar saman med engasjerte medarbeidarar. I hovudsak er arbeidsoppgåvene stell, pleie, medisinutdeling og ulike medisinske prosedyrer. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring/kurs og rettleiing, slik at du som tilsett skal vere trygg og kompetent til å yte tenester etter fagprosedyrer som til ei kvar tid innfrir dagens krav. Arbeidsdagane er varierte, og du vil bli innlemma i eit godt arbeidsmiljø med fagleg fokus og god kollegastøtte.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Kunnskap om IKT – verktøy og elektronisk samhandling
  • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • Gode fagkunnskapar, inkludert god observasjonskompetanse, blir vektlagt
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt
  • Det er krav om tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månadar, før oppstart i arbeid
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du likar å arbeide med eldre
  • Du trivast med å arbeide sjølvstendig
  • Du er god til å gjere faglege observasjonar, vurderingar og iverksette tiltak
  • Du tek initiativ og ansvar
  • Du har høg arbeidsmoral.
  • Du har godt humør, og samarbeider og medverkar til godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff
  • Sjølvstendig og variert arbeid
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Internundervisning og fagleg påfyll, tilgang på e-læringskurs frå Visma GLUP
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Ingeborg Mork Håskjold, Seksjonsleiar, 90 06 94 73, ingeborg.haskjold@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4985664684
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2025