Helsefagarbeidarar 2 x 50 % svangerskapsvikariat

  • Deltid
  • BOKN, NORGE
  • 30. desember 2025

Bokn kommune Pleie- og omsorg

Er du helsefagarbeidar og har lyst til å jobbe på ei lita, koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt,trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan pleie- og omsorg på Bokn vere staden for deg! Arbeidsdagane er varierte, då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta. Me nyttar oss av tredelt årsturnus med 325 timar knytta opp mot helgearbeid.

Me har ledig vikariat frå og med 02.02.26 til 31.12.26, med moglegheit for forlenging.

Om arbeidsstaden

Pleie- og omsorg består av heildøgnsomsorg i institusjon (sjukestova), omsorgsbustadar, heimetenesta og bu- og aktivitet. Avdelingane er lokalisert på Boknatun i Føresvik.

Arbeidsoppgåver i stillinga

Ordinære pleieoppgåver

Medikamenthandtering

Stell og pleie

Tverrfagleg samarbeid

Tillitsskapande miljøarbeid

Veiledning til pasientar og pårørande

Kompetansekrav

Fagbrev som helsefagarbeidarhjelpepleiar

Førarkort klasse B

Andre med relevant utdanning eller arbeidserfaring vert også vurdert

Personlege eigenskapar

Evne til å motivere og engasjere

Initiativrik og fleksibel

God samhandlingskompetanse

Evne til å arbeide sjølvstendig

Trivast med å arbeide med mennesker

Godt humør og løysningsorientert

Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Handtere travle arbeidskvardagar

Arbeidsgjevar tilbyr

Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale

Dyktige, motiverte og inkluderande kolegaer

Kvar skal du sende søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger" Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden. Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted