Helsefagarbeidar natt

  • Deltid
  • HELLESYLT, NORGE
  • Publisert: 6 timer siden
  • 20. april 2025

Sunnylven distrikt, Stranda kommune

Det er ledig 80 % vikariat på natt som helsefagarbeidar frå 01.06.25.
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus. 

Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande.

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Arbeidsoppgåver

  • Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
  • Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl B 

Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing. 

Personlege eigenskapar

  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.  

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Kontaktinformasjon

Elisabeth Jelle, Eininingsleiar, +47 46411183

Arbeidsstad

Hellesyltvegen 17
6218 Hellesylt

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4915234932
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.06.2025
Søknadsfrist: 21.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted