
Osterøy kommune
Om stillinga
Ein av våre medarbeidare har tatt høgskuleutdanning og vi har derfor ein ledig stilling. Det gjer at vi har ein unik moglegheit til å rekruttere akkurat deg til oss i Raus Bufellesskap.
Stillinga er ein 60% fast stilling med arbeid i langvakter og arbeid kvar fjerde helg. Med langvakter hos oss i Raus Bufellesskap jobbar du kl. 09-21 i kvardager og kl. 11-21 i helg. Langvakter bidrar til å skape kontinuitet i arbeidet med brukarane våre, samstundes som det skaper ein forutsigbar turnus for dei tilsette med lengre friperiodar.
Raus bufellesskap er organisering i eininga Psykisk helse og rusomsorg i Osterøy kommune. Eininga består av psykiatrisk heimeteneste, kommunalpsykolog og bufellesskapet Raus. Vi er i ein spennande prosess med å bygge forsterka bustader så vi er ein eining i vekst!
I bufellesskapet er det 6 leiligheiter fordelt på 2 hus. I hus 1 jobber det ein døgnvakt og ein langvakt. I hus 2 jobbar det 2 stk i døgnvakt. Du vil bli del av eit arbeidsmiljø med trygge og fagleg kompetente kollegaer, I tillegg er det nokre boliger knytta til bufellesskapet som får oppføljing. Vi gjer tenestar til voksne personar med psykiske lidingar og/eller rusproblematikk.
Oppgåver i stillinga kan til dømes vera
- Gje bistand til bebuararne i dagleglivets aktivitetar
- Bidra til å skape eit godt sosialt fellesskap
- Ha fokus på aktivitet i kvardagen
- Medikamenthandtering
- Styrke det sosiale nettverket til bebuarane
- Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Bidra med kvalitetssikrande arbeid
- Skape trygge og gode omgivnader til brukarne
- Miljøterapautiske tiltak
Lista er ikkje uttømmande.
Vi tilbyr
- Ein arbeidstad i naturskjønne omgjevnadar i nydelege Haus
- Høgt fagleg kolleganivå og eit godt arbeidsmiljø
- Stor fagleg variasjon
- Døgnturnus
- Osterøy kommune er ein IA-verksemd
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar, for tida i KLP
- Gode parkeringsmoglegheiter. Kjem du med buss/kollektiv transport, er arbeidsstaden i umiddelbar nærleik til busshaldeplass.
Kvalifikasjonskrav
- Det er eit krav om fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeidar
- Det er ønskjeleg med erfaring med brukargruppa
- Førerkort klasse B
- Søkjarer utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skrifteleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
Kven er du?
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Gode samarbeidsevner
- Du utviser tryggleik i faget
- Du er punkleg, til å stole på og er lojal mot fellesbeslutningar
- Personleg egnethet vil vært vektlagt
- Du er nysgjerrig, open og har evne til å refektere
- Du må være ein person som likar ei utfordring, er løysningsorientert og nytenkande
- Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
- Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!