Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Gastrokirurgisk/urologisk post, Haugesund sjukehus

Sengepost for gastrokirurgi og urologi, Haugesund sjukehus har behov for fleire medarbeidarar.

Sengeposten har 36 senger fordelte på 4 grupper. 3 grupper er øyremerkte gastrokirurgiske pasientar og 1 gruppe for urologiske pasientar. Vi har både planlagde og akutte innleggingar. Ein stor del av pasientane er kreftpasientar i ulike stadium av sjukdommar. I tillegg har vi pasientar med andre gastrokirurgiske og urologiske tilstandar.

Vi har ledig fast 80% stilling i 2-delt turnus. Du kan velje mellom vanlege vakter 16 helgar i året, langvakter 16 helgar i året med lønnskompensasjon eller langvakter 12 helgar i året. Avdelinga har mange utfordrande arbeidsoppgåver og engasjerte medarbeidarar. 

Vi ser frem til å motta søknaden din!

Arbeidsoppgåver

  • Delta i pre- og postoperativ pleie 
  • Delta i palliativ pleie
  • Delta i avdelingens arbeidsoppgaver
  • Bidra til eit godt tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing av helsefaglærlingar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleier
  • Vi vektlegg erfaring frå sjukehus og innan fagområda 
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. 

Personlege eigenskapar blir vektlagd

Personlege eigenskapar

  • Fagleg innsikt, fleksibilitet og sjølvstendighet 
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø 

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå, inkludert fagdagar og smulering i turnus
  • Moglegheit for kompetanseheving
  • Fagutviklingssjukepleiar som m.a. har oppfølging av nyansatte 
  • Fadder og kollegastøtteordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Bodhild Håkull, Funksjonsleiar – gastrokirurgisk/urologisk post, +47 46928593
Kristine Meling, Funksjonsleiar urologi, 91637361

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4949686226
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted