Kvinnherad kommune Husnestunet
Husnestunet og Halsnøytunet har ledig helgevaktstillingar som helsefagarbeidar – 14,1 – 28,2 % med arbeid 3. kvar helg 1-3 netter.
Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkarar, vurderer vi å tilsetje pleiemedarbeidarar i fast stilling. Tilsetjing vil bli føretatt fortløpande.
Halsnøytunet og Husnestunet er to av tre institusjonar i Kvinnherad kommune. Begge tuna har ei felles natteneste og dekker og oppdrag i heimetenesta. Vi har eit pulserande miljø, og mange faglege utfordringar knytta til områder innanfor eldreomsorga. Her kan ein arbeide med palliativ pleie, demensomsorg, somatiske sjukdommar og pasientar innlagt i kommunalt ØH(øyeblikkelig hjelp)-døgntilbod.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning
- Relevant arbeidserfaring
- Førarkort klasse B
- God munnleg og skriftleg norsk framstilling
Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Personlege eigenskaper
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
- Ansvarsfull og nøyaktig
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Link til søknadsskjema: Søk her