Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal
Vi søkjer helsefagarbeidar i 80% fast stilling på natt i heimetenesta på Ølve.
Oppstart snarast.
Er du ein helsefagarbeidar med hjarte for eldreomsorg og har lyst til å bli ein del av vår flotte gjeng med kompetente fagfolk? Vi søker deg som brenn for profesjonell og verdig eldreomsorg.
Eksterne søkjarar kan få eit rekrutteringstilskot på kr 50.000,- (eingongsutbetaling) og må binde seg til Kvinnherad kommune i 2 år.
Velferdsteknologi er ein del av vår kvardag, og vi held på med prosjekt "kamerabasert tilsyn".
Ps: Ny ordning for sletting av studielån – no startar oppteninga
Frå i dag startar det: Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
Ny ordning for sletting av studielån – no startar oppteninga – regjeringen.no
Arbeidsoppgåver:
- Utøva helsefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
- Heilheitleg omsorg og pleie
- Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling
- Dokumentasjon av tenestane vi yt
- Legemiddelhandtering
- Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Norskkunnskap, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaper
- Du må vera fleksibel og løysingsorientert.
- Ha gode evner til kommunikasjon
- Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Link til søknadsskjema: Søk her