Helsefagarbeidar 4 x 100 % fast stilling

  • Heltid
  • SYKKYLVEN, NORGE
  • Publisert: 17 minutter siden
  • 29. juni 2025

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune

Er du ein engasjert helsefagarbeidar som ønskjer å vere med på å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for våre brukarar? Då vil vi høyre frå deg!

Vi har no ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter. Stillinga er per tida knytt til sone 2.

Sykkylven bu- og aktivitetssenter er eit moderne omsorgssenter som tilbyr eit breitt spekter av tenester til eldre og menneske med ulike hjelpebehov. Her jobbar vi tverrfagleg og målretta for å gi brukarane våre god omsorg, aktivitet og livskvalitet. Vi legg vekt på fagleg utvikling, samarbeid og eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Yte heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar
  • Bidra til å skape ein aktiv og meiningsfull kvardag
  • Samarbeide med pårørande og tverrfaglege team
  • Dokumentere i fagsystem
  • Delta i fagutvikling og rettleiing av kollegaer og elevar/lærlingar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre med anna helsefagleg utdanning kan også søkje
  • Erfaring frå arbeid i eldreomsorga er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Grunnleggande datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst, påliteleg og har god evne til å samarbeide
  • Du har eit stort engasjement for brukarane og faget
  • Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull stilling i eit godt arbeidsmiljø
  • Gode kollegaer med høg fagleg kompetanse
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Pensjonsordning gjennom KLP

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

 

Kontaktinformasjon

Astrid Hammernes Strømme, avdelingsleiar sone 2, +4795947361, astrid.stromme@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16
6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4985825700
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2025