Sunnylven distrikt, Stranda kommune
Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande.
Vi har ledig
- Helsefagarbeidar, vikariat i 62 % stilling for tidsrommet 27.08.25 – 26.08.26
- Helsefagarbeidar, 50% fast stilling frå 18.08.25
Det må gå klart fram av søknaden kva stilling/stillingar søknaden gjeld.
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.
Kvifor velge oss:
- Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
- Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
- God variasjon i oppgåver og utfordringar
- Fokus på trivsel og arbeidsglede
- Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
- Muligheit for vidareutdanning med støtte
- God fastløn
- Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige med inntil kr.10 000/mnd for ein tidsavgrensa periode
- Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
- Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
- Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar
- Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp
- Medikamenthandtering
- Dokumentasjon
- Tverrfaglig samarbeid og samarbeid med pårørande
- Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå pleie- og omsorgstenester er ein fordel, men ikkje eit krav
- Utdanning som helsefagarbeidar
- Alminnelege datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl B
- Personleg eignaheit vektleggast
Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Trygg og Omsorgsfull
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Samarbeidar godt med kollegaer, brukarar og pårørande
- Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
- Likar utfordringar
- Ønske om kompetanseutvikling
- Interesse for faget
Vi tilbyr
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183, elisabeth.jelle@stranda.kommune.no
Arbeidsstad
Hellesyltvegen 17
6218 Hellesylt
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 4991936687
Stillingsprosent: 50, 62%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 18.07.2025