Helse og omsorg- helgevakt og tilkallingsvikarar

  • Deltid
  • GEIRANGER, NORGE
  • Publisert: 4 måneder siden
  • 30. september 2025

Geiranger distrikt, Stranda kommune

Vi søker etter tilkallingsvikarar i Geiranger distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg. 

Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus. 

Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov. 

Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi kontaktar aktuelle søkjarar ved behov.

    Arbeidsoppgåver

    • Pleie og hjelp til brukarane ved omsorgssenteret og heimebuande
    • Dokumentasjon
    • Kjøkkenarbeid og reinhald

    Kvalifikasjonar

    Erfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav. 

    Personlege eigenskapar

    • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.
    • Interesse for faget.
    • Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov

    Vi tilbyr

    Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk

    Løn etter kvalifikasjonar 

    Kontaktinformasjon

    Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183

    Arbeidsstad

    Maråkvegen 36
    6216 Geiranger

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stranda kommune

    Referansenr.: 4944677434
    Stillingsprosent: 0%
    Vikar
    Søknadsfrist: 01.10.2025

    Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


    Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

    Jobbsted