Alver kommune
Om stillinga
Alver kommune søkjer etter pleieassistentar til faste helgestillingar i sjukeheimstenesta. Vi ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande arbeid, eller som er i utdanning innan helse-og omsorg. Om du ikkje har erfaring men interesse for faget kan du og søkje!
Som tilsett hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg team med dyktige helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, assistenter, miljøterapeuter og andre fagpersonar. Saman sørger vi for at våre tenestemottakarar opplever trygge og gode dagar!
Aktuelle avdelingar
- Knarvik sjukeheim
- Såta bu- og servicesenter
- Meland sjukeheim
- Velferdssenteret på Manger
- Lindås bu- og servicesenter
- Ostertunet
Arbeidsoppgåver
- Skape føreseielegheit, tryggleik og struktur
- Praktisk hjelp og bistand til tenestemottakarar
- Samarbeide med andre instansar ved behov
- Dokumentasjon i fagsystemet Profil
Kven er du?
- Du er omsorgsfull og har eit ekte engasjement for å hjelpa andre.
- Du er påliteleg og møter opp til avtalt tid og tek ansvar for arbeidsoppgåvene dine.
- Du har gode kommunikasjonsevner og trivst å samarbeida med både kollegaer og tenestemottakarar
- Du er fleksibel og taklar endringar og ulike arbeidsoppgåver med eit positivt sinn.
- Du er løysingsorientert og tek initiativ når det trengst.
- Du har evne til å skapa tryggleik og trivsel rundt deg.
- Du har roleg og handterer stressande situasjonar på ein god måte.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
- Oppfølging og rettleiing
- Årsturnus
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- Vernepleiarar ligg 9000 over tariff og sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff i Alver kommune
- Særskild avlønning for studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Hos oss arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om sjukeheimstenesta
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 6 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Såta bu- og servicesenter, Lindås bu- og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug, Ostertunet og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 205 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken organisert i sjukeheimstenesta.