Helgestilling for engasjert fagarbeidar, student eller assistent

Teiglandshagen bufellesskap

Ønskjer du ei variert og spanande helgestilling og er glad i turar, song og musikk? Då kan du vere personen me ser etter! 

Teiglandshagen bufellesskap på Mosterhamn har ledig ei 17 % helgestilling som fagarbeidar, student eller assistent.
Me søkjer etter deg som ønskjer å gjere ein forskjell i kvardagen til våre bebuarar. 

Om avdelinga:
Teiglandshagen bufellesskap er for pasientar med demenssjukdom, og har to avdelingar med 8 pasientar på kvar. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. Vårt mål er å gi god individretta pleie og behandling tilpassa den enkelte pasient, der det blir lagt stor vekt på aktivisering og målretta miljøarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Du vil arbeide saman med fagleg dyktige kollegaer, der arbeidet omfattar å gi god individretta pleie og omsorg tilpassa den enkelte bebuar. 

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg at du har eller er under helsefagleg utdanning, men andre søkjarar kan og bli vurdert. 
  • Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
  • Du må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg, og minimum ha bestått norskprøve på B2-nivå.

Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter helse og omsorgstenestelova § 5.4.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Jobbar sjølvstendig og samarbeidar godt med andre.
  • Er positiv, imøtekomande og trygg i møte med menneske.
  • Har gode kommunikasjonsevner og finn gode løysingar.
  • Er lojal og tilpassingsdyktig til varierte oppgåver.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.

Andre opplysingar

  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. 
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Ann Heidi Mathisen. 

Kontaktinformasjon

Ann Heidi Mathisen, Avdelingsleiar, 457 20 536, ann.heidi.mathisen@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Teigland 1
5440 Mosterhamn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5053405693
Stillingsprosent: 17%
Fast
Startdato: 12.01.2026
Søknadsfrist: 01.01.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted