Helgestilling, 23% fast – arbeid kvar 4. helg

  • Deltid
  • DALSØYRA, NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • 29. april 2025

Om stillinga 

Gulen kommune, for tida ved Miljøtenesta, har ledig frå snarast/etter avtale i inntil 23% fast helgestilling (arbeid kvar 4. helg). 

Miljøtenesta gjev tiltak og tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Tilbodet omfattar alt frå tenester heile døgnet til lettare miljøtenester for andre. Nokre av brukarane får sine tenester med utgangspunkt i eigen bustad. Mljøtenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand i heile kommunen. Desse stillingane er i utgangspunktet knytt til Dalsøyra, men arbeid andre stadar kan også verte aktuelt.

Arbeidsoppgåver 

  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels tilsetjing.
  • Førarkort klasse B
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar 

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer 
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og bidra til å skape ein trygg og god kvardag for dei 
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø 
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjingg

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • For tida løn over tariff for kvalifisert tilsett i turnus. 
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har ekstra helgetillegg på 50 kr/time, i tillegg til tariff, med evaluering ved rullering av lønspolitisk plan. 
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted