Vestnes kommune Heimetenestene
Vil du prøve ein variert og spennande jobb? Vi kan vi tilby ledig vikariat i 100 % stilling for sjukepleiar i ca 1 år, eller meir. Stillinga er i turnus med langvakter og arbeid kvar 4. helg.
Heimesjukepleia har base i nye og flotte lokaler i 1.etg. ved Stella Maris. Om ønskelig kan det også være mulighet å gå vanlege vakter.
Arbeidsoppgåver
– sjukepleiefagleg oppgåver i tråd med rutiner og retningsliner
– tverrfagleg samarbeid
– rettleiingsansvar
– ivareta krav i høve dokumentasjon
Kvalifikasjonar
– offentleg godkjent sjukepleiar
– du må ha kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
– datakunnskap
– relevant praksis
– beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– må ha god kommunikasjonsevne
– du må ha førarkort kl B.
Personlege eigenskapar
– er stabil og fleksibel
– fagleg engasjert
– ha godt humør og vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
– ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
– det vert vektlagt at ein er personleg eigna
Vi tilbyr
– godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
– løn etter gjeldande avtaleverk
– kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
– fagleg utvikling etter kompetanseplan
– tilsette i sjukepleiarstilling ved Heimetenestene som har mindre enn 10 år ansiennitet får godkjent inntil 10 års ansiennitet.
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Oppgi referanser.
Link til søknadsskjema: Søk her