Ulstein Verft AS
Har du erfaring innan vakt- og sikkerheitssystem og vil vere ein pådrivar og fremme sikkerheit i Ulstein?
Som Head of Guard and Security får du arbeide med mange spennande oppgåver i eit utviklande arbeidsmiljø.
Intervju blir utført fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvarleg for vakt- og sikkerheitssystemet i Ulstein.
- Fagleg pådrivar,rådgjevar og støttespelar for organisasjonen innan sikkerheit.
- Planlegge og gjennomføre brannrunder på bygningar og om bord i skip.
- Fremme sikkerheit, og førebyggande arbeid innan faget.
- Rapporteringsansvar og utvikling innan fagområdet.
- Generelt vedlikehaldsarbeid for Industrivernet.
- Delaktig i kursing av personell, som HLR kursing. Sørge for godkjenning av
røykdykkarar og anna naudsynt kursing. - Ansvar for koordinering av vakthald.
- Inngå i industrivernleiing og beredskapsstyrke.
Kvalifikasjonar og erfaring
- God systemforståing og IT-kompetanse.
- God innsikt og kjennskap til vakt- og sikkerheitssytem frå liknande arbeid.
- Relevant utdanning kan vere ein fordel.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
- Ha kjennskap til brannførebyggande arbeid og regelverk.
- Ha kjennskap til beredskapsarbeid.
Personlege eigenskapar
- Stort fagleg engasjement.
- Initiativrik og løysningsorientert med evne til å tilpasse deg hurtige endringar.
- Effektiv og strukturert, slik at du arbeidar sjølvstendig med høg gjennomføringskraft.
- Resultatorientert.
- Lærevillig og delingsorientert, og har fokus på å aktivt søke ny kunnskap og dele erfaringar.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulstein Verft byr på utfordrande og variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar, og fleksitidsavtale for våre tilsette.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn, moglegheit til å jobbe med ny teknologi og eit godt fagleg miljø med høve til personleg utvikling.
Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.
Kontaktinformasjon
Jan Peder Hoggen, Facility Manager, +47 90962279
Arbeidsstad
Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS
Referansenr.: 4988713458
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2025