Har du tru på at alle menneske kan studere eller få seg ein vanleg jobb?

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 21. april 2025

Nav Bergen sentrum (regionkontor Bergen)

Vi i IPS Bergen søker 3 motiverte jobbspesialist med stort pågangsmot, og som vil jobbe i eit pulserande og nyskapande miljø. Har du gode kommunikasjonsferdigheiter og er ein nettverksbyggjar som vil jobbe med rekruttering? Er du ein person som kan vere tydeleg og direkte? Er du energisk og uredd? Då kan du vere akkurat den personen vi leitar etter!

IPS Bergen har ledig 3 faste stillingar som IPS-jobbspesialist. Individuell jobbstøtte (IPS) er ein metode- og ein tenestemodell for tett oppfølging av personer med psykiske lidingar som ønsker arbeid, og som har behov for behandling samtidig med arbeidsretta bistand. Målet er å leggje til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få, og også behalde og stå i ordinær utdanning og/eller lønna arbeid.

IPS Bergen består av 20 jobbspesialistar som er tilsett i Nav. I tillegg er det jobbspesialistar som er tilsett i Bergen kommune, som også er ein del av fagmiljøet. Dei tre stillingane er knytt til ulike distriktspsykiatriske senter (DPS) i Bergen og du vil ha kontorstad på ein av dei når du ikkje er ute i møter eller på jobbutvikling. Det er stort engasjement i avdelinga og ein er opptatt av nå måla som er sett.

Så blir du motivert av å jobba med menneske, har trua på at alle menneske trass i fysiske eller psykiske utfordringar kan ta utdanning eller få og behalda ein vanleg jobb og ønsker å bidra på eit viktig samfunnsområde?  Send inn ein søknad i dag!

I søknadsteksten ber vi deg sei noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga, samt at du får fram kunnskapen din om IPS.

Arbeidsoppgåver

  • Jobbe etter IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakarar, behandlarteam, NAV og studiestader/arbeidsgivarar
  • Oppsøke utdanningsinstitusjonar og bedrifter, skapa dialog og bygge nettverk
  • Vere ute i lokalmiljø og ha møte med deltakarar og studiestadar/arbeidsgjevarar (65% av arbeidstida)
  • Følge opp eigen portefølje på 20 deltakarar og identifisere jobbsøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evne, samt matche desse med riktig utdanning/jobbar 
  • Rettleie jobbsøkarane i søkeprosessen
  • Engasjere og motivere både jobbsøkar, studiestadar, arbeidsgivarar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar  
  • Bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet og behandlarteamet
  • Dokumentere arbeidet i fagsystem

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • Erfaring med IPS-metodikk eller god kjennskap til prinsippa i IPS (erfaring med Supported Employment-metodikk kan og vere aktuelt)

Det er også ønskeleg at du har:

  • kunnskap om utdanningsmoglegheiter, samt lokal og regional arbeidsmarknad
  • erfaring frå oppsøkande verksemd og nettverksbygging 
  • god rettleiingskompetanse eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar
  • kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helseutfordringar

Vi ser etter deg som

  • Er god til å kommunisere med ulike menneske og som skaper gode og trygge relasjonar
  • Er god til å motivere og inspirere
  • Kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere uventa hendingar
  • Trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat 
  • Er sjølvgåande med evne til eigenmotivasjon

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å utgjera ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
  • Ein spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
  • Eit godt fagmiljø med fokus på tenesteutvikling og ambisiøse mål
  • Opplæring, kurs og kompetanseheving 
  • Gode og inkluderande kollegaer og godt arbeidsmiljø på eit kontor med høgt tempo
  • Velferdsgode som fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
  • Stillingskode 1434 rådgivar i lønnsspenn frå kr. 540 000  til kr. 633 000,- per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast. 

Kontaktinformasjon

Aina Merete Steinsland, Avdelingsleiar, 913 64 345, aina.merete.steinsland@nav.no

Arbeidsstad

Møllendalsveien 6
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV

Referansenr.: 4946324375
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted