SIH Sjukehusapoteket i Haugesund, Sjukehusapoteka Vest
Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.
Sjukehusapoteket i Haugesund (SiH) leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Fonna, og er eit stort apotek med omlag 40 tilsette. Sjukehusapoteket har fem operative avdelingar: Produksjonsavdeling, publikumsapotek, sjukehusekspedisjon, avdeling for farmasøytiske tenester og eit regionalt pakkeanlegg for eindose.
Pakkeanlegget skal levere eindosar til alle sjukehusforetaka i Helse Vest HF og skal etter planen starte med produksjon av eindosar i starten av 2026. Avdelingane ved sjukehusapoteket samarbeider tett og har eit godt og spennande fagmiljø. Å jobbe som apotektekniker hjå Sjukehusapoteka er fagleg utfordrande, og vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og gode kollegaer.
Vi forventar ikkje at du har erfaring med oppgåvene frå før, men at du har pågongsmot og interesse for å lære. Vår nye medarbeidar må førebu seg på at stillinga kan bli delt mellom fleire av våre avdelingar, basert på kompetanse, tidlegare erfaring og ei heilskapleg vurdering av behovet i apoteket.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver kjem an på avdelingane ein jobber i, til dømes:
- produksjon av cytostatika og andre tilsetningsprodukt i produksjonsavdeling
- reinhald av produksjonsrom og tilhøyrande utstyr
- kundehandtering i avdeling for sjukehusekspedisjon, både på telefon og fysisk
- resept- og ordrehandtering i publikumsavdelinga
- kunderådgjeving og omsorgssalg til pasientar og kundar
- produksjon av eindosar i anlegget for eindose
- bruk av digitale/teknologiske verktøy i arbeidskvardagen
- å delta i beredskapsvaktordning kan bli aktuelt
Andre oppgåver kan også tilfalle stillinga ved behov.
Kvalifikasjonar
- Du har autorisasjon som apotekteknikar
- Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna
- Du som har anna relevant helsefagleg utdanningsbakgrunn eller ønskjer å jobbe med desse arbeidsoppgåvene, er også velkommen til å søke og å bli vurdert
- Du har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Du har gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du ynskjer å bidra til gode tenester for sjukehusa og er trygg på faget ditt
- Du trivs godt i lag med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel, nøyaktig og er oppteken av kvalitet i arbeidet
- Du kan jobbe sjølvstendig og tek ansvar
- Du trivst med nye arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Maria Birgitte Rossebø Areklett, Sjukehusapoteker, +47 93401870, maria.birgitte.rossebo.areklett@sav.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka Vest
Referansenr.: 5022735513
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2025