Håndverker

  • Heltid
  • SALHUS, NORGE
  • Publisert: 4 dager siden
  • 19. oktober 2025

Museumssenteret i Hordaland

Om stillinga

MUHO (Museumssenteret i Hordaland) har ledig fast stilling i 100% som handverkar. Stillinga vil være organisatorisk knytt til Tekstilindustrimuseet, men vil kunne ha heile MUHO som verkeområde. Den som blir tilsett vil og kunne jobbe eksternt mot kundar. 

MUHO er eit konsolidert museum, der Tekstilindustrimuseet er eit av musea. Tekstilindustrimuseet ligg i Salhus i Bergen, og forvaltar det freda kulturminnet Salhus Tricotagefabrik. MUHO som organisasjon forvaltar 101 kulturhistoriske bygnader og har eksterne bygningsvernsoppdrag i heile Vestland.

Arbeidsoppgåver

Som handverkar i MUHO vil oppgåvene vere varierte: 

  • Forvalting, drift og vedlikehald av kulturhistoriske bygningar. 
  • Handverk/bygningsvern
  • Registrering og oppdatering i Primus

Stillinga inngår i FDV-teamet på TIM, men kan også være en del av bygningsvern/handverksteam i MUHO. 

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer deg som har fagkompetanse innan handverk (fagbrev eller tilsvarande). Det er ein fordel med kulturminnefagleg kompetanse og kompetanse innan gjenbruk og ombrukskartlegging.

Du har erfaring med bygningsvern og praktisk og teoretisk kjennskap til lokal byggeskikk. Dersom du har erfaring med undervisning og/eller prosjektleiarerfaring er det ein fordel. 

Erfaring med registrering i Primus er ein fordel, men det viktigaste er at du har vilje til å lære og nytte digitale verktøy som nyttast i MUHO. 

Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg, og det er ein fordel om du òg er trygg i engelsk. 

Vi ser etter deg som jobbar godt saman med andre i ulike grupper og arbeidslag, men som òg kan jobbe sjølvstendig når det trengs.

Du er god til å strukturere og organisere oppgåvene, og gjennomfører etter plan. 

Du ser moglegheiter og løysingar, og bidrar positivt til å utvikle MUHO for framtida.

Du er lærevillig og evner å tenke nytt, og er effektiv sjølv om planer og oppgåver blir endra. 

Den som blir tilsett må levere vandelsattest. 

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr ein spanande og utfordrande jobb på eit unikt museum, med godt arbeidsmiljø og varierte oppgåver.
  • 100% fast stilling.
  • God forsikrings- og pensjonsordning.
  • Løn etter avtale/tariff i spennet 540000,- – 590000,- basert på kompetanse og erfaring.
  • MUHO er ein mangfoldig og inkluderande arbeidsplass.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted