Halvtårsvikariat – naturmangfald

  • Heltid
  • LEIKANGER, NORGE
  • 15. desember 2025

Statsforvaltaren i Vestland

Om stillinga

Statsforvaltaren har seks avdelingar med ei brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hos oss. 

Miljøvernavdelinga vert leia frå Bergen, og har 48 tilsette fordelt på to seksjonar, naturmangfald og forureining. Begge seksjonane er lokalisert både i Bergen og på Leikanger. 

Naturmangfaldsseksjonen har no ledig eit halvtårsvikariat på kontorstad Leikanger. Det er ønskjeleg med oppstart så snart som råd.

Arbeidsoppgåver

Aktuelle arbeidsoppgåver er sakshandsaming innan seksjonen sitt ansvarsområde;

  • verneområdeforvaltning
  • utgreiing av nytt vern 
  • oppfølging av verneprosessar.

Andre oppgåver kan bli aktuelt, alt etter kva oppgåver som er prioritert, og kva erfaring og kompetanse søkjar har. 

Kvalifikasjonar

  • Høgare naturfagleg utdanning frå universitet eller høgskule, som mastergrad eller tilsvarande
  • Erfaring frå offentleg naturforvaltning vil bli vektlagt
  • Førarkort klasse B

Det er ønskjeleg med kjennskap til Elements.

Personlege eigenskapar

  • Effektiv, strukturert og sjølvstendig
  • Fleksibel og positivt innstilt til å arbeide med ulike oppgåver innan naturforvaltning  
  • Omgjengeleg i samarbeid med andre
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk)

 

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du

  • interessante arbeidsoppgåver
  • eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
  • trening i arbeidstida
  • delvis heimekontor 
  • fleksibel arbeidstid
  • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk

Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland

Vi ønskjer mangfald

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. 

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. 

Vilkår

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir

Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. 

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar, frå kr 570 000–680 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. 

Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.

Tenestemålet til embetet er nynorsk.

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted