Vestnes kommune Gardstunet barnehage
Stillingstype
Det er ledig 100% ekstraressurs stilling som barne- og ungdomsarbeidar/helsefagarbeidar ved Gardstunet barnehage for barnehageåret 2025/2026.
Arbeidsoppgåver
– medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
– medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet
– medansvar for utviklingsarbeid
– foreldresamarbeid
– vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
– vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa- praktisk arbeid og tilrettelegging
Kvalifikasjonar
– fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller helsefagarbeidar
– beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2 – ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
– er aktiv og engasjert
– har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
– har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
– er eit godt språkleg førebilde
– er fleksibel
– er stabil og ansvarsbevisst
– har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring
– har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig
Vi tilbyr
– godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
– løn i høve gjeldande avtaleverk
– tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet
– kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Referansar
Oppgi referansar.
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Link til søknadsskjema: Søk her