Fysioterapeut

  • Heltid
  • KOKSTAD, NORGE
  • 3. januar 2026

Hjelpemiddel, Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen 

Vil du vere med og gjere ein forskjell?
Rådgjevingsavdelinga ved Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig ei fast 100 % stilling som fysioterapeut. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevingar og for Nav sitt samfunnsoppdrag.

Stillinga er knytt til rådgjeving og formidling av hjelpemiddel og tilrettelegging for personar med nedsett rørsle. Vi ønsker at stillinga skal bidra til å utvikle fagområdet vidare, i tråd med utfordringane som er skildra i Nav si omverdsanalyse for 2025-2035.

Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ca. 120 tilsette og held til på Kokstad i Bergen. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna ansvar for forvaltning og formidling av tekniske hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetting, rådgjeving innan hjelpemiddel og tilrettelegging på arbeidsplassen, og tolketenester for døve og døvblinde.

Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging, som består av ca. 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar, og om korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.

Arbeidsoppgåver

I stillinga vil du mellom anna

  • gje fagleg rådgjeving og bistand til brukarar og samarbeidspartnarar knytt til elektriske rullestolar, formstøypte sittesystem, posisjoneringshjelpemiddel, aktivitetshjelpemiddel og trykkavlastingshjelpemiddel
  • vurdere produktval og gjenbruk av hjelpemiddel
  • gjere merkantilt arbeid som å fatte vedtak, registrere ordre og lage kursmateriell
  • arbeide i team med andre ergoterapeutar/fysioterapeutar
  • drive tverrfagleg samarbeid og nettverksbygging
  • undervise og rettleie brukarar og samarbeidspartnarar
  • bidra på andre produktområde når det er nødvendig

Delar av tenesta er ambulant.
Hjelpemiddelområdet er i omstilling, og oppgåver og arbeidsområde kan bli endra.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som

  • har godkjend utdanning som fysioterapeut
  • har førarkort klasse B
  • kan kommunisere godt både munnleg og skriftleg

Det er ønskeleg at du har

  • erfaring frå arbeid innan rehabilitering/habilitering
  • erfaring frå arbeid med hjelpemiddel
  • erfaring med å gje rettleiing og undervisning
  • evne til teknisk problemløysing
  • god datakunnskap
  • kompetanse/utdanning knytt til å sjå større samanhengar og sikre utvikling
  • evne til å jobbe systematisk for at vi skal nå resultatområdet sitt målbilde for 2030 og møte utfordringane som er skisserte i Nav si omverdsanalyse for 2025-2035

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • kan identifisere deg med Nav sin visjon og verdiar
  • er serviceinnstilt
  • har evne til tverrfagleg arbeid
  • kan jobbe sjølvstendig og effektivt

Ved tilsetjing legg vi stor vekt på personlege eigenskapar som kan bidra til å skape motivasjon, engasjement og utvikling.

Vi tilbyr

Om du blir tilsett hos oss får du

  • spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsoppdrag
  • aktive og engasjerte kollegaer
  • medarbeidarar med høg kompetanse på ulike fagområde
  • moglegheit for å trene i arbeidstida
  • moglegheit for hybrid arbeidskvardag
  • stillingskode 1434 rådgjevar eller 1364 seniorrådgjevar, avhengig av kvalifikasjonar, lønnsspenn kr 643 000,- til 710 000,-
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse, frå lønna blir det trekt 2 % pliktig innskot

Kontaktinformasjon

Leif Fauskanger, Avdelingsleiar, 95187003, leif.fauskanger@nav.no

Arbeidssted

Kokstaddalen 35
5257 Kokstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5048010042
Søknadsfrist: 04.01.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted