Lærdal kommune Pleie og omsorg
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Om stillinga
Stillinga er kombinert mellom sjukeheim og heimesjukepleia, der du vil arbeida i team, saman med andre sjukepleiarar/vernepleiarar . Me jobbar for å rigga sjukepleiartenesta i team, reindyrka sjukepleiaroppgåvene, for å sikra rett kompetanse til rett oppgåve. Du vil komme til å ha vakter der du er ein del av eit ambulant team, og vakter der du er ein del av den ordinære bemanninga i avdelingane.
Me søkjer deg med sjukepleiarutdanning til ein spannande arbeidskvardag, der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus! Stillingane har turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakt på helg, og samla fri. Årsturnus.
Dine oppgåver vil vera å gje hjelp og systematisk kartlegging av pasienten og oppfølging for å avdekkja forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksette rett tiltak. Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, tilsynslege ved KAD, legevaktslege og spesialisthelsetenesta kring: medisinsk oppfølging, observasjon, kartlegging(NEWS2- score) behandlingsavklaring.
Lærdal kommune har etablert kommunale akutte døgnplassar, KAD seng ved Lærdal bu- og omsorgsheim. Stillinga vil også ha ansvarsvakter knytt til denne posten.
Om arbeidsgjevaren:
Ved Lærdal bu- og omsorgsheim er det 23 plassar; 1 KAD, 4 korttids- og 18 langtidsplassar. I tillegg har me eige kjøkken, fysio/ ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og aktivitetstove med mykje liv og røre!
Heimesjukepleia yter tenester til 12 heildøgns bemanna omsorgsbustader, og ca. 70 teneste mottakarar rundt om i bygda.
Mer sirka 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega!
Er dette deg?
- Ansvarsfull, sjølvstendig og god til å samarbeida med andre
- Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert
- Fagleg oppdatert og ynskje om å utvikla deg vidare
Hjå oss får du:
- Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Moglegheit for fagleg og personelg utvikling
- Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
- Støttande leiing
- Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd
Kva kvalifikasjonar krev me?
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førerkort klasse B – godkjent i Norge
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkjarar utanfor Skandinavia.
- relevant erfaring vert vektlagd
Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du:
- Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning
- Rekrutteringstilskot 60 000,- med 2 års bindingstid
- Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Gratis tilgang til treningssenter
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her