Høgskulen på Vestlandet
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/ førstelektor i pedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga
Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, og er knytt til fagmiljøet praktisk pedagogisk utdanning almennfag (PPUA) campus Stord. Fagmiljøet (3 campus) er stort og dynamisk med eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt, og med brei kompetanse innanfor allmennpedagogikk, profesjonsretta pedagogikk og spesialpedagogikk. I tillegg til å bidra i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, deltar også fagmiljøet i tilskuddsordningane for desentralisert kompetanseutvikling og i etter- og vidareutdanningstilbod. Fagmiljøet er aktivt deltakande i andre masterutdanningar og i doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar».
Oppstart i stillinga er 01.08.2026.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til bachelor-, master-, og Ph.d.-utdanning og innanfor etter- og vidareutdanning
- Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
- Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
- Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet.
- Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
- Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.
Kvalifikasjonskrav:
Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven .
Formelle kvalifikasjonar:
For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad i pedagogikk.
For tilsetjing som førstelektor må søkar ha førstekompetanse i samsvar med forskrifta og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.
Språkkrav:
Undervisningsspråket er til vanleg norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Følgande tel positivt i vurderinga
- Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
- Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
- Internasjonal erfaring
Utdanningsfagleg kompetanse:
For stilling som førsteamanuensis skal søkjarar dokumentere utdanningsfagleg kompetanse med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL – Høgskulen på Vestlandet.
For stilling som førstelektor skal søkjarar dokumentere relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju og prøveforelesing.
Sakkunnig vurdering:
Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida dine, kvar dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- Vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.)
- Fullstendig publikasjonsliste
- Attestar og vitnemål.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011- førsteamanuensis / 1198 – førstelektor.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending behandlingen av søknadane.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Assisterande instituttleiar Janne Halvorsen Kleppe, tlf 53491494, jhkl@hvl.no