Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-w
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Senter for internasjonal helse, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ein midlertidig stilling som forskar (40 %) frå 1. juni 2025 til 31. desember 2026. Høve til å starte i stillinga snarleg er ein føremon.
Stillinga er eksternfinansiert og knytt til prosjektet «NORHEDII – GROWNUT 2 – Growing Partnership for Higher Education and Research in Nutritional Epidemiology in DR Congo and Tanzania». Prosjektet har finansiering ut 2026.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
- Den som vert tilsett i stillinga, vil ha oppgåver knytt til både prosjektdrift og undervisning med relevans for ernæring og global helse i 40% stilling fram til slutten av 2026.
- Stillinga inneber at søkjar bidrar til å drive eit forskingsprosjekt som er eit samarbeid mellom SIH og Kinshasa School of Public Health i DR Congo og Muhimbili University of Health and Allied Sciences i Tanzania, samt University of KwaZulu Natal i Sør Afrika. GrowNut er forkorting for “Growing Partnership for Higher Education and Research in Nutritional Epidemiology in DR Congo and Tanzania”. Prosjektet er seks-årig og finansiert av Norad via NORHED-programmet. Den som vert tilsett vil vere viktig for sluttføringa av prosjektet, og arbeid for å sikre vidare nytte av arbeidet i prosjektet. Bidrag til undervisning og veiledning for å avlaste prosjektleiinga i perioden fram til Grownut-prosjektet er avslutta vil vere ei viktig oppgåve. Prosjektleiinga er ved Universitetet i Bergen, i nært samarbeid med partnaruniversiteta. Hovudmålet for prosjektet er å etablere, drive og oppretthalde eit master- og ph.d.-studium i ernæringsepidemiologi, samt etablere forsking innan fagfeltet. Meir informasjon om prosjektet kan finnast på prosjektet si heimeside: GROWNUT II – Developing a cadre of African nutrition scholars and leaders to address nutrition disorders and influence nutrition policy | Centre for International Health | UiB
- Den midlertidige stillinga vil kunne krevje reiseaktivitet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
- Søkjar må ha fullført doktorgrad
- Søkjar må dokumentere god forskingskompetanse relevant for global ernæring, global helse og epidemiologi.
- Søkjar må kunne undervise i ernæringsepidemiologi for studentar på høgt nivå (master, ph.d.).
- Det er ein føremon med røynsle frå studiar av ernæring knytt til utvikling og helse i land med lågt eller middels inntektsnivå (LMIC).
- Det er ein styrke dersom søkjaren kan dokumentere ein god forskingskompetanse og vere aktiv i forsking innan global ernæring og internasjonal helse.
- Det er ein føremon med utdanning innan medisin eller ernæring på masternivå.
- Søkjar må beherska norsk og engelsk, og franskkunnskapar er ei føremon.
- Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Vi kan tilby:
- Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan global helse.
- Løn for tida kr 655 000 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 680 000, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
- Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
- Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
- Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
-
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf-vedlegg til søknaden.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
- Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
- lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
- Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til
- både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
- Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
- Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
- Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
- Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
- Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
- Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til senterleiar og professor Simon Øverland, Senter for internasjonal helse, tlf.: 55 58 85 51 eller e-post: simon.overland@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.