Tenester til personar med særlege behov, Vinje kommune
Vinje kommune søkjer etter ein engasjert flyktningmedarbeidar, som ynskjer å støtte integreringsteamet vårt i arbeidet med flyktningar.
Stillinga er ei 50 % fast stilling og er ledig frå 15.01.2026.
Integreringstenesta er organisert i verksemd for tenester til personar med særskilde behov. Tenesta har ansvar for å busetje og fylgje opp flyktningar som vert busett i kommunen, koordinering av kommunen si introduksjonsordning, og kvalifisering av deltakarar mot utdanning og arbeidsliv. Me samarbeider med ulike tenesteområde, som vaksenopplæring, ulike helsetenester for flyktningar, bustadkonsulent og NAV. Ved integreringstenesta arbeider det i dag seks tilsette med ulik fagbakgrunn og kompetanse.
Me ynskjer deg velkomen som søkjar til ei spennande stilling! Her får du eit meiningsfylt arbeid, spennande utfordringar og dyktige kollegaer!
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe til med mottak av nye flyktningar
- Hjelpe til med råd og rettleiing
- Hjelpe til med allsidige arbeidsoppdrag
- Sjåføroppgåver
Kvalifikasjonar
Du som søkjar må:
- Beherske ukrainsk og russisk språk
- Ha gjennomført introduksjonsprogram i Vinje kommune
- Ha førarkort klasse B
- Beherske norsk språk på minimum nivå B2
- Ha god lokal kunnskap om Vinje
- Kjenne til organiseringa av offentleg sektor i Noreg
Det er ynskjeleg at du har erfaring frå liknande type arbeid.
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å skape tillit
- Du kan skape gode relasjonar til menneska rundt deg
- Du er tålmodig
- Du er fleksibel
- Du er løysingsorientert
- Du har motivasjon for stillinga
Me tilbyr
- Ein variert og spennande arbeidskvardag
- Aktive og engasjerte kollegaer
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Carsten Hald, Verksemdsleiar, 90937093, carsten.hald@vinje.kommune.no
Arbeidsstad
Vinjevegen 192
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5051515223
Søknadsfrist: 02.01.2026