Ferievikarer i Miljøarbeidartenesta

  • Heltid
  • STOREBØ, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 8. april 2026

Om arbeidsstaden

Ønsker du ein spennande og variert arbeidskvardag i sommar? Søk sommarjobb i Miljøarbeidartenesta! 

Sommaren er ikkje så langt unna, og då treng vi ferievikarar som kan gjere sommardagane gode for tenestemottakarane våre. Vi søker etter deg som liker å arbeide tett på menneske og som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar for våre tenestemottakarar. Det er og viktig at du er ein som kan gje trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar.

Miljøarbeidartenesta yt tenester til personar i alle aldre med ulike funksjonsnedsettingar, utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. 

Eininga består av Lindevika buteneste med bufellesskap og heimebaserte tenester, samt Gullsmedvegen bu og avlasting med avlastingseining til barn og unge og omsorgsbustader i tilknytning.

Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den enkelte sine eigne føresetnader, ønsker og behov i tråd med tildelte vedtak.

Miljøarbeidartenesta ligg under helse og velferd som er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie – og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Om stillinga

Vi søker etter ferievikarer i perioden juni til og med august. 

Dersom du er ein som er nysgjerrig på eller ønsker eit arbeid innanfor helse og velferd vil du kunne få nye erfaringar og moglegheit til å lære hos oss. 

Det vil bli laga turnuser med arbeid inntil 100% i perioden ein kan jobbe, det vil og vere god moglegheit for helgestilling eller arbeid som tilkallingsvikar etter endt ferievikariat. 

Du vil få kurs i legemiddelhandtering og ein del andre relevante fagkurs. 

Opplæring og rettleiing vil bli gjeve slik at du føler deg trygg i oppgåvene.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde med utgangspunkt i tildelt vedtak. 

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • ingen formelle kvalifikasjonskrav

Personlege eigenskapar

  • Lyst å bidra.
  • Gode evner til å samarbeide med andre.
  • Ynskjeleg med førarkort for personbil
  • Du må legge fram gyldig politiattest ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Bonus ordning for helsepersonell og deg som studerer innan relevant helse – og eller sosialfagleg høgskule. 
  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted