Ferievikarar i pleie og omsorg

Herøy kommune, Pleie- og omsorgsavdelinga

Er du i eit relevant utdanningsløp, har du fagkompetanse eller erfaring frå helse og omsorg? Er du ein omsorgsfull og påliteleg person som ønskjer å gjere ein forskjell i sommar?

Pleie- og omsorgsavdelinga inviterer deg til å søkje som ferievikar. Hovudferien vert avvikla mellom 15.06.26 og 10.08.26. Det er mogleg å arbeide heile eller delar av perioden. I søknaden ber vi deg skrive når du vil jobbe og kva seksjon du ønsker å arbeide på.

Pleie- og omsorgsavdelinga består av Herøy omsorgssenter seksjon raud og grøn som er sjukeheimsavdelingar. Seksjon blå er ein sjukeheim for personar med demens. Heimetenesta, heildøgn omsorgsbustadar Eggesbøtun og institusjonskjøkkenet. Myrvåg omsorgssenter består av seksjon a som er ein korttids- og langtidsseksjon og seksjon b som er for personar med demens.

Arbeidet vert organisert i eigen ferieturnus som du får i god tid før du startar i stillinga. Det kan vere moglegheiter for langvakter på helg. 

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene vil variere etter kva seksjon du søkjer på, nokre døme er:

  • gi dagleg omsorg og støtte til våre pasientar
  • hjelpe til med personleg hygiene og påkledning
  • bistå med måltider og medisinar
  • delta i sosiale aktivitetar 

Oppgåver vert vurderte etter kompetanse og erfaring.

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter kokk, kjøkkenassistent, assistent i vaskeri, pleieassistent, helsefagarbeidar, hjelpepleiar, sjukepleiar, vernepleiar, og andre med sosialfagleg utdanning.
  • Elevar og studentar i relevante utdanningsløp innan helse vert oppmoda om å søke.
  • Du bør helst fylle 18 år i 2025.
  • For å arbeide i heimetenesta og på kjøkkenet må du ha førarkort klasse B.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest for alle som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta (jamfør helse- og omsorgstenestelova § 5-4). Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetting. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Personlege eigenskapar

  • interesse for å arbeide med menneske
  • like å arbeide i team
  • løysingsorientert
  • evne til å lære nytt
  • gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tryggheit og tillit
  • fleksibel og tilpassingsdyktig
  • positiv innstilling og godt humør
  • gode datakunnskapar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale (studentar i relevante utdanningsløp får betalt etter eigen stige for studentløn)
  • meiningsfullt arbeid i et hyggeleg arbeidsmiljø
  • opplæring og rettleiing

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Gry Dragsund-Vike, Avdelingsleiar, +47 98075478

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5B
6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5060158822
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 03.03.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted