Førde, Nordfjordeid, Lærdal - Helse Førde
Serviceseksjonane i Helse Førde søkjer ferievikarar som helsesekretær/sekretær til:
- Sengepostar, poliklinikkar, sentralbord og resepsjon
- Periode: 15.06.2026 – 16.08.2026. Kan du begynne tidlegare, er det av interesse.
Søkjarar som kan jobbe heile perioden vert prioritert.
Du må opplyse i søknaden kva tidsrom du kan jobbe, og kva arbeidsstad du søkjer arbeid ved (Førde, Nordfjordeid eller Lærdal).
Arbeidstid for dei fleste stadane er kl. 07.30 – 15.30.
Kontaktinformasjon:
- Seksjonsleiar Kirurgisk serviceseksjon Førde : Gitta Sas – tlf 482 33 391
- Seksjonsleiar Medisinsk serviceseksjon Førde: Belvira Omic – tlf 995 91 403
- Seksjonsleiar Serviceseksjon Nordfjord: Tjodhild Herstad Alsaker – tlf 419 07 041
- Seksjonsleiar Serviceseksjon Lærdal: Hanne Kristina Ødegård – tlf 906 86 438
- Seksjonsleiar Serviceseksjon Psykisk helsevern: Beathe Monica Solheim – tlf 971 53 587
- Avdelingssjef Medisinsk sekretærteneste: Hanne I. Emberland Bildøy – tlf 996 10 528
Arbeidsoppgåver
- Telefoni
- Resepsjon
- Pasientadministrative oppgåver i sengepost og poliklinikk
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid i pasientsystemet DIPS og Sectra og kjennskap til medisinsk terminologi er ein fordel, men ikkje eit krav
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Nøyaktig og løysingsorientert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Samarbeide godt med andre, deler kunnskap og erfaring
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Relevant opplæring
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hanne Irene Emberland Bildøy, Avdelingssjef, (+47) 578 31 325
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5043976227
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.03.2026