Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde
Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer ferievikarar sommaren 2026.
Vi har behov for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og assistentar med erfaring i perioden 15.06.2026 – 16.08.2026.
Sengeposten er ein heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 observasjonsssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot det meste av augeblikkeleg hjelp frå regionen.
Oppgi gjerne i søknaden kva arbeidsperiode og stillingsprosent du ønskjer.
Arbeidsoppgåver
- Observasjonar, triagering og målingar av vitale parameter
- Gruppeleiing og medikamenthandtering
- Ivareta pasientar sine grunnleggande behov i høve pleie, omsorg og aktivitet
- Mottak av pasientar, kartlegging av hjelpebehov
- Observasjon og måling av kliniske parametrar
- Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal
- Samarbeid med andre faggrupper på sengeposten
- Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten
- Todelt turnus for helsefagarbeidar/studentar
- Tredelt turnus for sjukepleiarar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Sjukepleiarstudent
- Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og er interessert i å bidra til at pasientane får ei best mogeleg oppfølging under innlegginga
- Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande
- Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du likar å arbeide i spennande og gjerne krevjande situasjonar
- Du trivast i arbeid som krev at du må halde deg fagleg oppdatert, og finne løysingar på korleis ein kan utvikle faget
- Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar hjelp
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du er fleksibel og engasjert
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Hilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, (+47) 932 90 198
Arnstein Ivesdal, Einingsleiar, (+47) 578 64 031
Arbeidssted
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5029346064
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 04.01.2026